Praksis hos Fjordkraft – del 1

Heihei!

Mitt namn er Christina, eg er 22 år og kjem frå Ulsteinvik på Sunnmøre. Dette semesteret er eg så heldig å få vere utplassert i praksis hos Fjordkraft, som ein del av Energi240-emnet. Dette er eit obligatorisk emne for siv.ing. Energi ved UiB, og som eg har gleda meg til å ta sidan vi starta.

Eg har alltid vore glad i realfag og tykkjer energi og klima er eit kjempeinteressant felt. Då eg starta hausten 2017 var vi det første kullet på denne linja, med 15 stk. i klassa. Ved Universitet i Bergen får vi vere ein del av eit framoverlent forskingsmiljø, og vert følgt opp av nokon av dei mest kompetente innan dette fagfeltet. Dette semesteret er vi 8 stk. som skal ut i praksis, og eg gleda meg til å lese om alt det spennande vi får gjere og lære. Eg har no vore utplassert i snart to månadar, og fått lært mykje allereie.

Supernøgd med eige tilgangskort og vel gjennomført første dag.

Litt informasjon om arbeidsplassen. Fjordkraftkonsernet består av Fjordkraft AS og Trondheim Kraft AS, og dei sel straum til kundar over heile Noreg. Fjordkraft er Norges leiande merkevare for sal av straum i privatmarknaden og nest størst i bedriftsmarknaden. Fjordkraft er ei stor bedrift med fleire avdelingar. Deira verksamheit er innkjøp, sal og porteføljeforvalting av straum til hushald og kommune, samt private- og offentlege bedrifter. I 2017 vart dei også leverandør av mobiltelefoni til privatkundar over heile landet. Selskapet levera straum til over 1.4 millionar menneske i heile Noreg og feira nettopp 100 000 mobilkundar. Dei vart etablert i 2001 og har hovudkontor i Fyllingsdalen i Bergen. Eg har mi praksistid i avdelinga for strategi, innovasjon og M&A. Dette er ei relativt lita avdeling med seks tilsette, men arbeidet dei gjer er særs viktig for at Fjordkraft skal kunne fortsette å vekse. Avdelinga er delt inn i fire områder; strategi, innovasjon, fusjonar & overtakingar og rammevilkår.  Fjordkraft treng nokon som kan sjå inn i framtida, og ein god strategi er det viktigaste verkemiddelet man kan ha. Her gjer man research og alt det praktiske arbeidet som skal til for at leiinga skal kunne gjere gode avgjerdslar. Vidare treng selskapet at man ser framover på nye forretningsområde eller finn nye produkt til eksisterande forretningsområde. Innovasjon er difor svært viktig for Fjordkraft for å skape nye inntektsstraumar. Eksempel på nye tenester dei tilbyr er lading til elbil, solceller og ladekarttenesten ladestasjoner.no. Fjordkraft skal vere ein konsolidator i marknaden. Det betyr at dei ynskjer å samle mindre selskap til eit felles stort selskap. Det norske marknaden for straumleverandørar er no bygd opp av få store nasjonale aktørar, nokon fleire regionale aktørar og mange små lokale aktørar. Eit eksempel på slik konsolidering er oppkjøpet av TrønderEnergi Marked og Vesterålskraft Strøm. Siste inndelinga er rammevilkår. Sidan straum er ein regulert bransje med stadige endringar er det viktig for Fjordkraft å gjere to ting; kunne tilpasse seg nye reguleringar eller endringar og kunne påverke reguleringar for å få ein bra straummarknad. Samla utgjer desse områda ei avdeling med mykje gjennomslagskraft og eigarskap i prosjekta sine. For å toppe det heile har vi fått den beste plassen i heile bygget (ifølge underskrivande sjølv vertfall), og er plassert i toppetasjen med nydeleg utsikt mot både Løvstakken og Damsgårdsfjellet.

Fjordkraft sitt hovudkontor i Folke Bernadottes vei 38 i Fyllingsdalen.

Når eg skulle byrje i praksis visste eg veldig lite om kva eg kom til å arbeide med, men forventa at eg kom til å få anvende noko av den kunnskapen eg hadde tileigna meg i løpet av dei tre åra mine ved Universitetet. Før eg byrja las eg om Klimanjaro, eit viktig initiativ av Fjordkraft som viser handlekraft. Dei krev at alle deira leverandørar er klimanøytrale, og til no har 127 leverandørar skrive under på intensjonserklæringa. Dersom leverandøren ikkje vil skrive under, vil heller ikkje Fjordkraft handle med dei. Eg blei, etter å ha lest om dette, veldig interessert i å lære meir om korleis Fjordkraft tilpassa seg det grøne skiftet og ynskja å ta del i fleire slike prosjekt som strategiavdelinga arbeida med.

Nesten heile teamet samla for litt kake før helga! Ein stor del av arbeidsdagen til dei som er fast tilsette går med til møter og workshops av ulike slag, så det er ikkje alltid like lett å få samla alle saman til eit bilde.

Eg har fått vore med på mykje forskjellig allereie, og har fått brukt både kunnskap eg kunne om frå før og samtidig lært om mykje heilt nytt. Frå start av har eg fått vere med på alt frå små interne møter i firmaet til større og viktige møter med andre bedrifter. Dette er noko eg har lært mykje av og det eg synest er mest spennande. Det er gjerne mykje forarbeid før eit møte, som aktørkartlegging eller analyse av eit selskap. Det er ofte tidkrevjande, men verkeleg verdt innsatsen når man har lest seg opp og sett seg inn i det aktuelle prosjektet og endeleg er klar for møtet. Arbeidet eg gjer krev mykje lesing og innhenting av informasjon om ulike tema. I tillegg til dei arbeidsoppgåvene eg nemnde over har eg vore med å skrive beslutningsunderlag for eit prosjekt og deltatt i workshop for å utvikle verditilbodet til eit nytt produkt Fjordkraft vil tilby kundane sine.

Dei viktigaste faga eg har fått brukt hittil i praksisen er ING101, som er eit fag om teknologileiing, økonomi og nyskaping, og Energi230 som er eit veldig breitt emne der man blant anna lære om energistandardar, klimaavtalar og klimapolitikk. At det var desse to faga eg kom til å  få mest bruk for i mi praksisperiode hadde eg ikkje trudd i forkant, men utan den kunnskapen eg tileigna meg der hadde det vore mykje vanskelegare for meg å utføre dei arbeidsoppgåvene eg vert tildelt då det allereie er mykje nytt å sette seg inn i.

Tida i praksis går alt for fort, og eg er snart halvvegs allereie! Eg ser fram til å lære meir om forretningsstrategi og kunne følgje dei prosjekta som er i gang litt lenger i løpet.

Mitt eige flotte kontorhjørne.

 

Mine kollega i Fjordkraft skryt av at dei har Bergens beste kantine og sjølv om kantina på geofysisk institutt står meg nærast, har den fått sterk konkurranse etter praksis her.