Meteorologisk institutt – Ingrid Bø

Hei, velkommen tilbake!

I mitt tidlegare blogginnlegg nemnte eg at eg arbeider med artiklar i Store Norske leksikon. Dette inkludera korrekturlesing, finne bilete og foreslå endingar for fagansvarleg. Dermed krevst det at me lesar oss opp på ulike tema. Store norske leksikon rettar seg hovudsakleg mot målgruppa vidaregåande alder. Dei siste vekene har eg vore engasjert i artiklar som underkjølt regn, konvektivt nedbør, kakelinne, fokksnø med fleire.

Men me har òg dedikert noko tid til å bygga SFY-sensorar. Dette er ein GPS/sensor som blir brukt i havbøyer for å måla bølger og havstrømmingar med lågeffektscellesystem. Data frå desse er avgjerande for å kunna studera bølgeforhold og strømmingsmønster, det returnerast data frå sensoren med relativ korte tidsintervall. Me arbeider med å konstruera desse sensorane ved å lodda. Dette er å smelte saman ulike delar med metall. Delane me loddar er mikroprosessorar, mikrokontrollar, minnekomponentar, batteri, porter og tilkoplingar. Dette arbeidet har gitt oss ein unik moglegheit til å kombinera teori med praktisk ingeniørarbeid.
Nokre av desse sensorane har allereie blitt testa ut, der me har gått rundt i området, eller satt ein bøye på sjøen.

Ein interessant del av praksisen var då me fekk tilgang til vêrvarslingas historiske arkiver som går tilbake til 1800-talet. Det som kanskje overraska meg mest var kvar strukturert den tidlege vêrvarslinga var. Observasjonar vart nøye registrert i store bøker eller hefter.

Ein dag fekk me moglegheita til å følga ein meteorolog ute i praktisk arbeid. Han viste oss noko av ustyret som er montert på sørsida av Geofysisk institutt. Mange av desse instrumenta er kopla til sensorar som gir kontinuerlege datastrøymer. Ei hending denne dagen var at regnsensoren som tilhøyrar meteorologisk institutt rapporterte regn sjølv om det var opplett. Dette avveik frå andre målingar og observasjonar i nærområdet då det hadde vore sol og fint vêr dei siste dagane. Det vart dermed nødvendig å inspisera regnoppsamlaren, som brukar blant anna vekta av regndropar som ein indikator for å måle om det kjem regn. Denne regnoppsamlaren er svært sensitiv, det er òg alkohol i denne sensoren slik at vatnet ikkje skal fryse. Samtidig måtte me sjå etter ting som kan ha falt oppi bøtta for å påverka sensoren, som blad eller anna. Dette understreka viktigheita av sensorar som ein verktøy for å varsle vêr og for observasjonar. Det er eit eksempel på korleis vitskap og teknologi arbeider hand i hand for å forstå og føreseia vêr og havforhold.

Eg er veldig tilfreds med mitt praksisopphold! Dei tilsette på meteorologisk institutt har vore utruleg inkluderande. Våre veiledarar har gjort ein god jobb med å dela sin kunnskap og gi oss eit godt innblikk i deira arbeidskvardag. Me har hatt gleda av å delta på mange ulike områder, som har gitt oss ein betre forståing av meteorologi og forsking knyt hav og vêrfenomen.