Elkem Bjølvefossen – Vebjørn Larsen

Hei igjen, bloggen!
No er eg straks ferdig med det som har vore ei særs kjekk og lærerik tid på Elkem Bjølvefossen. Hovudoppgåva har vore å kartlegge energitapet i kompressorsystemet, og å sjå kva som kan gjerast med energien som går vekk. Dette har vore nybrotsarbeid ingen her inne har tenkt på før, dels då det allereie er svært store energitap frå smelteomnane, dels at straumprisen har vore so låg at det ikkje har vore eit stort problem at varmen forsvinn. Når straumprisane no skyt til vers, vert det meir aktuelt å sjå på moglegheiter for å nytte spillvarme av låg energi, som kan erstatta innkjøpt straum i diverse oppgåver.
Den fyrste delen av opphaldet gjekk med til å få ein forståing for korleis desse kompressorane heng saman, kor mykje energi det er snakk om, og kor den vert av. Det står mange ulike kompressorar på Bjølvefossen, med mange ulike bruksområder. Alle er levert av Atlas Copco. Dei har ein samla installert effekt på 676 kW. Dei kan delast opp i to hovudtypar; oljekjølte og oljefrie. Moderne kompressorar nyttar ei konisk skrue som «skrur» trykklufta gjennom, og komprimerer ho. I denne prosessen vert lufta veldig varm.
Oljekjølte kompressorar blandar olje inn i trykklufta for å kjøle lufta og smøre skrua. Varmen i trykklufta vert då fjerna av olja, som igjen vert kjølt av kjølemediumet, enten vatn eller luft. Dette er ein fordel for drifta av kompressoren, men kan vere ein bakdel for enkelte prosessar, då ein ikkje klarar å fjerne absolutt alt av olja.
Oljefrie kompressorar har ikkje denne funksjonen, og trykklufta den leverer har då ein temperatur på >150 grader. Denne energien vert fjerna av etterkjølarar seinare i luftlinja. Nesten all energien (96%) som vert ført til maskina går med til å varme opp trykklufta, og forsvinn so ut i atmosfæren gjennom kjølemediumet. Det er den energien eg har sett på.
For å finne ut kor mykje det faktisk er snakk om har eg fått tilgang til Smartlink-systemet til Atlas Copco, der all statistikk for kompressorane ligg. Derifrå har eg funne ut kor mykje dei faktisk går, og kva snitteffekt dei ligg på. Summen av snitteffektane er 171 kW, som betyr at det til ei kvar tid går 164 kW ut i atmosfæren. Desse kan ein hente ut som varmtvatn med hjelp av eit system Atlas Copco sel. Den neste delen av arbeidet har gått til å sjå på kor me kan nyttegjere denne energien. Eg har sett på fleire moglegheiter, men dei to som er best er enten å selje varmtvatn til ein fiskeoppdrettar som ligg i nærleiken, eller å bruke det til oppvarming av ein verkstad, ein garderobe og eit laboratorie som ligg på smelteverket, samt bruke det til dusjvatn. Det neste eg skal gjere no er å setje opp eit kost/nytte overslag over dei forskjellige metodane, før eg er ferdig neste veke. Alt i alt har dette vore ein svært kjekk og lærerik periode.