Pro Well Plan – Jakob Stueland

Hei igjen,
Sida sist har vi i stor grad jobba ut ifrå same oppgåve. Vi ser framleis etter databasar, firma og aktørar innan geotermisk energi. Vi er derimot komne mykje lengre enn sist. No har vi blant anna fått eit mykje klarare bilete på kva vi ønskar å koke kunnskapen vår ned til i oppgåva vi skriv til bedrifta. Frå sist nevnte eg at vi hovudsakeleg såg på den amerikanske marknaden og deira breide spekter av aktørar og metodar frå stat til stat. Frå dette lærde vi mykje om korleis databasar kan være sett opp, korleis vi finn fram til dei og korleis vi nyttar dei. vI har også med dette forsøkt å grave dypare i kvar av dei ulike aktørane ved å forsøke å maile eller kontakte desse aktørane. Dette har resultert i både større og mindre gradar av hell. Nokre svarar og legg ut om alt vi ønskar og ber om, medan andre er svært tilbakehaldne eller ikkje svarar i det heile.
Då vi satt att med svært mykje kunnskap om laust og fast etter vår undersøking av den amerikanske marknaden, byrja vi å arbeide mot ein måte å systematisere kunnskapen på. Det er gjerne fristande å kun skrive om det man kan mykje om, men det er viktig å sjå til at man klarar å presentere eit objektivt bilete både av det man veit og det man ikkje veit. Frå dette forsøkte vi fleire måtar for å prøve å gi ei objektiv forståing av dei amerikanske aktørane, med å dele inn ulik kategoriar av kunnskap om dei enkelte og fylle inn verdiar etter beste evne, for å prøve å dermed kunne vurdere potensialet Pro Well Plan har sjå kvar av desse på ein meir helhetlig måte.
Med erfaringane og kunnskapane om utforsking frå den amerikanske marknaden utvida vi lensa vår til verdsmarknaden og byrja å sjå på eit og eit land. Igjen kom vi fort over mykje kunnskap nokre stadar og heller lite kunnskap andre stadar. Igjen forsøkte vi å systematisere kunnskapen vår på ein hensiktsmessig måte ved først å vurdere på ein land til land/stat til stat basis, for at ein derifrå kan sjå på bedrift til bedrift/aktør til aktør. Då geotermiske kraftverk har ein dyr og risikabel oppstartsfase såg vi etter kjennetegn blant nasjonar som tydar på villighet til å påta seg risiko samt kjennetegn på ting som kan redusere risiko. Nokre av desse er: Politisk stabilitet, belåningsgrad sett mot GDP, nyeste geotermiske kraftverk og om dei store aktørane er privat eller statleg eigd. Vi driv no med å føre dette inn i den større konteksten i oppgåva vi skriv til Pro Well Plan.