Om i Morgen – Del 2

Hei! Velkommen tilbake til bloggen min. No begynner det å nære seg slutten av semesteret, og eg og Ida har fått prøvd oss på mykje forskjellig. Me møter framleis opp på spaces kvar måndag og tysdag, der me jobbar i lag med ein mengde andre start-ups.
Hovudfokuset for tida har vore å lage ein video som skal vises på konferansen «Vi Må Snakke Om i Morgen 2022», som skal bli hold i Januar. Temaet på videoen er «Kvifor utdanning er viktig for den tverrfaglege løysinga». Her skal me intervjue Finn Gunnar Nielsen og Kjetil Rommetveit, som begge er leiarar for to berekraftige studieretningar på UiB, respektivt Integrert master i Energi og Master i berekraft. Eg anbefala alle dykk å møte opp på konferansen, då eg trur det vil bli ein spanande og lærerik hending. Lenke: https://fb.me/e/1dcIeWC3e
Vidare har eg jobba ein del innan HR-avdelinga. Her gjer eg store og små ting, i frå å lage quiz og trivselsundersøking, til å ta del i medarbeidarsamtalar. Mykje av detaljane er sjølvsagt under taushetsplikt, med dette har vore ein utruleg lærerik arbeidserfaring som eg kjem til å ta med meg vidare.
Arbeidet mitt med stands har begynt å ta fart. Me jobbar mykje med å ordne sponsorar som kan dele ut gåvekort og premiar me kan bruke for å gjer standen meir tiltrekkande. 23. november finner du meg på HVL, der eg skal invitere studentar og tilsette til konferansen. For meg er dette eit lite steg ut av komfortsona, men også noko som eg utvilsamt har godt av.
Elles er eg på mange møter med stiftelsen. Her kjem ledinga frå kvar avdeling, og oppdaterer om korleis deiras arbeid går. For tida omhandlar mesteparten av praten konferansen. Økonomi, promotering, konferanse-innleiarar og sosiale media er sentrale tema som blir brakt opp. Det har vore interessant å ta del i det øvre sjiktet av bedrifta, for å sjå korleis alle «tannhjula» snurrar saman. Dette har gitt ein god forståing for det som krevjast for å styre ei bedrift.
I praksisen har eg i lita grad fått nytta den faglege kunnskapen eg har utvikla på energi-studiet, men eg følar framleis at arbeidserfaringa har vore tett knyta til dei overordna temaa til studiet, som klima og berekraft. Praksisen har ein meir samfunnsfagleg perspektiv på temaa enn energistudiet som er mest realfagsbasert. Arbeidet Om i Morgen gjer omhandlar formidling og tverrfaglegheit, det å knytte ulike delar av næringslivet saman for å forme ein einigheit, og skape diskusjon og engasjement. Praksisperioden har gitt meg god innsikt i dette, og lært meg å sjå klimaspørsmålet i eit større perspektiv.