Heia!
Eg heiter Alfred Bakkebø og har praksis med Aksel og Marte hos Norce. Eg er 25 år og kjem i frå ei lita bygd på søre sunnmøre som heiter Åheim. Rett etter militæret så tok eg en bachelor i Nanoteknologi, men blei veldig usikker på kva eg ville jobbe med i framtida, så etter bacheloren så begynte eg på sivilingeniør i Energi. I dette studieløpet så er det eit fag som krever utplassering i ei bedrift. Her fekk vi velje kor vi ville være utplassert og eg valde Norce. Dei er eitt av Norgest største uavhengige forskningsinstitutt med over 800 ansatte spreidd rundt i 10 norske byar. Totalt i verden med alle datterselskap så har dei over 1100 ansatte. Dei samlar spisskompetanse på tvers av fagområder og bransjer saman med næringsliv og offentlig sektor for å bidra til nødvendig nyskaping og omstilling. Energi er eit av desse fagområda og passar perfekt for mitt studie.
Hovudkontoret til Norce er i Bergen og eg hadde håpet på litt fysisk tilstedeværelse under praksisen, men det ser mørkt ut under denne pandemien. Nå foregår all kommunikasjon over Teams, der vi har eitt møte med alle saman kvar veke. Vi har også fått tildelt eitt prosjekt til kvar enkelt, der vi får oppfølging med den av kontaktpersonane som er ansvarlig for det prosjektet. Dei første vekene så gikk masse av tiden med til å sette seg inn i dei forskjellige fagområda som vi eventuelt skulle jobbe med. Vi fekk også sette oss inn i kordan ein søknadsprosess til finansiering av forskning såg ut. Det virkar som om dette er ein krevande prosess der det er mange som jobbar på ein enkelt søknad. Det er også ein viktig del av det å være forskar, sidan forsking er ganske dyrt.
Eit av fagområda som Norce held på med er hydrogen. Hydrogen er ganske på moten nå i både forskning og næringslivet siden ein trenger eit raskt omstille fra fossilt brensel. Dette er det fagområdet som vi har lest mest om og der vi fekk tildelt kvar vår del. Eg valgte å sjå meir på modellering av verdikjeda til hydrogen. Det handlar om kor i hydrogenløpet det er mest kostbart å produsere og transportere. Kor mistar ein mest energi og kor slipper ein ut mest utslepp. Etter litt jobbing på området så har eg funnet ut at dette er ein ganske så avansert verdikjede. Det er veldig mange variablar som bestemmer kor masse enkelte ting kostar og kor masse utslepp dei har. Eg brukar python til å prøve å lage ein modell som samsvarar litt med verkeligheita og ser fram til å fortsette med dette, og kanskje seinare i semesteret komme seg litt ut fra leiligheta og møte opp fysisk på arbeidsplassen.
Alt ettersom så synest eg dette var ein god start på praksisperioden. Det har vore lærerikt og spennande hittil. Så snakkast vi seinare i semesteret.