NORCE – Sivert Torsheim

Hei igjen!
Dei siste vekene har vi vært med på eit par «workshoppar» hos forskingssenteret HyValue. Eg snakka litt om HyValue i det førte blogginnlegget, men i dette blogginnlegget vil eg fortelje litt meir om HyValue, og workshoppane som vi var med på. HyValue eir eit NORCE-leia forskingssenter som arbeider med å finne ut kass rolle hydrogen kan spele i å nå ein nullutslepps energiøkonomi, og dei arbeider med integrering av hydrogen inn i samfunnet. I dette arbeidet ser HyValue på heile verdikjeda til hydrogen, altso produksjon, distribusjon, bruk, forskrifter, sikkerheit og dei ser på om det er mogleg å gjere hydrogen til ein kommersiell industri. HyValue har meir enn 50 partnerar frå forskingsindustrien og den offentlege sektoren (www.hyvalue.no). Målet til HyValue er å få til meir berekraftig hydrogenproduksjon og tryggare bruk som både samfunnet og industrien kan stole på.
HyValue sitt arbeid er organisert i seks vitskaplege arbeidspakkar, og på den første workshoppen vi var med på, gjekk dei gjennom kva dei forskjellege arbeidspakkane gjekk ut på, og kor langt dei var kome i arbeidet og forskinga i dei ulike arbeidspakkane. Vi var ikkje med på heile workshoppen, og i delen som vi var med på, var det arbeidspakke 4, 5 og 6 som var på agendaen. For kvar av arbeidspakkane blei det haldt ein presentasjon med ei spørsmålsrunde etter presentasjonen. Arbeidspakke 4 handlar om sikkerheitsvitskap og risiko. Her er målet å finne ut av kass sikkerheitstiltak, lover og reglar som må til for at hydrogen skal vere trygt å bruke i industrien og i samfunnet. Arbeidspakke 5 skal vurdere korleis hydrogen kan bidra til utvikling i samfunnet, og kor stor offentleg aksept der er for å integrere hydrogen inn i industrien og samfunnet. Arbeidspakke 6 handlar om integrering av hydrogen i forskjellege verdikjedar.
Den andre workshoppen vi var med på handla om arbeidspakke 3. Arbeidspakke 3 handlar om korleis hydrogen kan bli brukt som ein energiberar, og i den delen av workshoppen vi var med på fekk vi presentasjonar om korleis hydrogen og ammoniakk kan brukast som drivstoff til skip. Her fekk vi presentasjonar frå bedrifter som Equinor, Wärtsilä og Norled. Dei forskjellege bedriftene snakka om diverse utfordringar, konsept og løysingar dei hadde for skip som går på ammoniakk eller hydrogen. Dette var veldig interessant og svært lærerikt!
Til slutt vil eg berre sei at eg har hatt ei veldig fin utplassering hos NORCE, der eg har fått eit godt og realistisk innblikk i korleis arbeidskvardagen som ein forskar er, og kor viktig slike forskingsinstitusjonar som NORCE er for å drive innovasjon og utvikling framover, spesielt med tanke på det grøne skiftet. So vist dette verkar interessant for nokon av de som leser det her, so vil eg absolutt anbefale NORCE som bedrift for din utplassering.