Meteorologisk institutt – Ingrid Bø

Hei alle saman!

Eg heiter Ingrid Bø, og vil gjerne dela den spennande praksisen min på Meteorologisk institutt. Her har eg moglegheita til å utforska ei verden av metrologi, klimatologi og oseanografi, saman med Sander.

Meteorologisk institutt ligg på Nygårdshøyden og er ein forskingsinstitusjon som har sitt hovudfokus på meteorologi, klimatologi og oseanografi. Dei overvake og analysere vêrmønster, klimaendringar og havforhold.

I byrjinga av praksisperioden vår fekk me ein grundig introduksjon til instituttets arbeid og forskingsområde. Metrologane frå vêravdelinga ga oss innsikt i organiseringa og funksjonen av vêrobservasjonar og vêrvarsling, inkludert korleis dei varslar for flyplassar, offshoreområder og for heile Vestlandet gjennom nettstadar som yr.no. På taket av bygningen er det ei imponerande samling instrumentar, inkludert vatnoppsamlera, vindmålarar og sol-instrumentar.

Alle som jobbar på Meteorologisk institutt har vore utruleg imøtekommande og ynskja oss hjarteleg velkommen. Dei har inkludert oss i alle aspektar av instituttets arbeid, noko som har gjort kvar dag variert og spannande.

Ei høgdepunkt så langt har vore moglegheita til å bidra til eit prosjekt som involvera innsamling og analyse av GPS-data. Desse datane skal sporast og sorterast bland anna frå Antarktika ved hjelp av Python-programmering. Prosjektet inkluderte òg opplæring i lodding av sensorar og batteripakkar.

Andre minneverdige opplevingar har vore deltaking på foredrag og seminara. Under NOOS-konferansen av National Oceanic and Atmospheric Administration, fekk me presentert arbeid og forsking om kartlegging av ekstrem bølger på Ekofisk. Me har òg fått innsikt frå Norce om ulike nettsider som viser aktiviteten i hav og fjordar, samt frå Irish Met Éireann, som diskuterte utfordringane dei har hatt med oversvømming og deira nasjonale kyststrategi. Dette har gitt oss ei djupare forståing av korleis forskarar arbeide for å overvaka og forstå havet.

Me deltok på eit seminar der ein amerikansk forskar presenterte interessante perspektiva på korleis ein kan forstå og handtera miljøkonsekvensane av oljesøl på havet. Dette minna meg om at vårt studium dekker både oljeproduksjon og klimaspørsmål.

Ein anna spannande oppleving var eit seminar med metrologane som jobba med offshore-varsling. Dette seminaret viste kor utfordrande vêrvarsling kan vera, då det er basert på Newtons lover og statistikk. Det vart tydelig at vêret ikkje kan føreseiast med 100% nøyaktighet, men òg her blir det meir forsking og utprøving med kunstig intelligens som eit verktøy for å forbetra vêrvarslingsnøyaktigheten.

I tillegg har me korrekturlest og bidra som medforfattarar på artiklar for Store Norske Leksikon. Dette har fått meg til å reflektera over viktigheta av å kunna kommunisera vitskapleg på ein tilgjengelig og enkel måte. Sjølv om me vanlegvis brukar akademisk språk i vår utdanning, er det like viktig å kunna formidla komplekse konsepta på ein enkel måte.

Tida mi på Meteorologisk institutt fram til no har vore ein super oppleving, som har opna augna mine for kompleksiteten og tydinga av vêrforsking. Eg ser fram til å utforska meir av vêret og klimaets fascinerande verden, og dela meir med dykk seinare.