NORCE – Rakel Bergset

Hei igjen bloggen!
I førre blogginnlegg fortalde eg om NORCE og om deira nye forskingssenter, CSSR og HyValue. Eg og Evita følgjer framleis CSSR- prosjektet, som står for Centre of Substanable Subsurface Resources (Senter for berekraftige undergrunnsressursar). Her konsentrerer vi oss om å vidareutvikle den interne nettsida til senteret. Vi jobbar både med design og utsjånaden til sida, men også med organisering av all innhald. Vi held også på å lage ei oversikt over alle forskarar hos NORCE. Dei kommande vekene kjem til å bli brukt til ekstra mange timar med praksis, ettersom vi no er godt i gang med nettsideutviklinga.
Sist så nemnte eg at vi fekk ta del i eit av CSSR sine forskingsseminar. Seminaret foregår kvar tredje veke, fram til no har vi tatt del i 3 slike seminar. I eitt av desse, presenterte tre nye PhD-studentar sin arbeidsplan. Desse studentane skal jobbe saman med CSSR-senteret, kvar av dei med ulike fokusområde. Ut i frå dette seminaret fekk eg eit innblikk i korleis startfasen til ein doktorgrad ser ut. Første halvåret ser ut til å blant anna innebere å tileigne seg meir kunnskap som er nyttig til doktorgraden, enten via kurs eller fag på skulen. Etter at PhD-studentane presenterte sine prosjekt, fekk dei svare på spørsmål frå forskarane, samt fekk tilbakemeldingar som dei kan ta med seg vidare.
Eg og Evita har fått som oppgåve å forberede spørsmål til eit intervju med PhD-studentane, som skal vidare publiserast i årsrapporten til CSSR. Vi har dermed fått tidlegare årsrapportar frå ulike forskingsprosjekt som vi har studert og tatt inspirasjon av. Dei komande vekene vil vi dermed jobbe meir med å intervjue kvar enkel PhD-student og dokumentere svara deira.
I tillegg har vi fått følgje med på endå eit forskingsseminar. Denne gongen var det ein PhD-student, Maksim Lysyy, som allereie har starta sitt arbeid og som presenterte sine funn til no rundt temaet «Påverknad av hysterese ved hydrogenlagring i undergrunnen». Mykje av innhaldet i seminara var kanskje for omfattande for at vi som andreårsstudentar kunne bidra, men eg føler likevel at det har hjelpt oss med å forstå meir rundt arbeidet til ein forskar og prosessen dei må gjennom i sine forskingsprosjekt.
Alt i alt så anbefaler eg framtidige praksisstudentar å velje NORCE dersom dei er interessert i forskingsyrket, då dei vil få eit realistisk bilde for korleis arbeidslivet til ein forskar er. Vidare gleder eg meg til å intervjue PhD-studentane, då eg trur at det vil gje oss eit endå betre innblikk i deira kvardag. Vi gleder oss også med å fullføre den interne nettsida, som forhåpentligvis er oppe og går til praksisperioden er omme!