Skyss – Matias Fonn

Hei! Mitt namn er Matias og eg er i praksis hos Skyss, som er kollektivselskapet i Vestland fylke. Skyss har utruleg mange ulike oppgåver og fleire avdelingar, men avdelinga eg har praksisperioden min i, heiter tilbudsutvikling. Tilbudsutvikling er eit team på rundt 8 tilsette, som til dagen arbeider med å kontinuerleg forbetre kollektivtilbodet i Vestland fylke. Tilbudsutvikling legg til grunn ein strategi om korleis ein sikrar transport med låg- og nullutsleppsløysingar, samstundes som ein skal ivareta behova til passasjerar og sjåførar. Gjennom mi tid her i Skyss har eg fått ein liten introduksjon til kva dei andre faggruppene held på med, og hatt tett dialog med dei andre kollegaane mine i tilbudsutvikling. Eg får delta på møter og seminar som om eg var tilsett sjølv, som betyr mykje med tanke på erfaring og informasjon innan mitt framtidige fagfelt. Eg har gode kontaktpersonar/kollegaar som verkeleg bryr seg om det dei arbeider med.
Tilbudsutvikling er sentrale når ein skal lyse ut kontraktar til kva operatørar som skal drive buss- båt- og banetilbodet i Vestland. Dei kan blant anna setje krav til kor mykje utslepp ein operatør kan sleppe ut når ein driftar eit busstilbod. Store delar av bussparken i Bergen sentrum har blitt heilelektrifisert eller fått lågutsleppsløysingar på grunn av krava tilbudsutvikling har sett. Elektrisk drift av bussar vil ikkje lenger vere eit byfenomen i åra som kjem, og det er her Skyss er pådrivar for å få til elektriske løysingar på transporttilbodet rundt om i heile fylket. Dette er oppgåva eg har vore heldig å fått tatt del i.
Oppgåva eg har fått utdelt er å sjå på korleis ein kan elektrifisere bussparken i rutepakken Hardanger/Voss. Dette er eit stort geografisk område med lange avstandar, og det har vore mi oppgåve å rekne ut energibehovet til desse rutene, finne ut kva som er mogleg å elektrifisere, og presentere dette til resten av faggruppa gjennom framføringar og rapportar. Eg har rekna ut effektbehovet for bussrutene og bussdepota, som har gitt meg mykje innsikt i ladeinfrastruktur, og kva løysingar ein kan innføre i åra framover. For det meste jobbar eg med Excel og store datamengder, som har gitt meg mykje erfaring innan dette. Ein stor pådrivar for meg er at dette prosjektet har stor nytteverdi for Skyss/tilbudsutvikling, som vil bruke denne analysen i framtida, når dei lyser ut nye kontraktar for dette området. Arbeidet eg gjer no er med på å gje Skyss eit bilde over kva krav dei kan stille til utslepp for neste kontrakt.
Eg kan kort summere med å sei at eg er svært fornøgd med valet mitt av praksisplass, der eg får arbeide med oppgåver innanfor energi og elektrifisering som interesserer meg, samt blitt kjent med ein utruleg kjekk gjeng på Sandsli =).