Pro Well Plan – Jakob Stueland

Pro Well Plan er eit firma som assisterer ulike firma og aktørar med databaserte løysingar for å større opp særleg under planleggings- og problemløysings-fasane før og under boring. Pro Well Plan ønsker å utvide sitt spekter på marknaden og nå fleire firma og aktørar samt støtte oppunder fleire typar brønnar og prosjekter. Dette vil også gje meir informasjon og kunnskap tilbake til Pro Well Plan som vil gje dei moglegheita til å betre sitt produkt ytterlegare.
Då vi først kom til Pro Well Plan AS ble vi gitt beskjed om at vi fekk særleg frie tøyler til å forsøke å løyse oppgåva dei presenterte oss. Denne oppgåva baserte seg på å støtte dei i kartlegging av nye marknader dei kan investere seg i. Vi ble presentert med moglegheita til å sjå på fleire ulike marknader og kom i samsvar med dei fram til at me skulle sjå på den geotermiske marknaden rundt om i verda.
Dette er eit særleg spanande prosjekt då gunstige typar brønnar, kraftverk og prosjekter innanfor geotermisk er svært avhengig av geografisk lokasjon per dags dato. Man treng gjerne ein passande samansetning av temperatur, vatn og djupne til reservoaret man ønsker å nytte for at det skal ha ein forventa økonomisk gevinst stor nok til å initiere eit prosjekt når man tar i betraktning risikoen det inneberer å starte eit slikt prosjekt. Når man avhenger av ein slik avgrensa og spesifikt geografisk lokasjon vil også politikk og kultur spille inn i bilete. Korleis behandlar regjeringar og lokale makter forholdet til geotermisk, samt korleis er marknadskulturen mellom ulike utbyggjarar på marknaden i desse miljøa.
Vi byrja tidleg med ei brei leiting for å forsterke vår kjennskap til geotermisk energi i sin heilheit. Vi lærte oss om ulike typar geotermisk kraftverk og deira krav eller ønsker til landskapet og geologien rundt. Det som var felles for alle var at oppstarten var den mest risikable delen, då man ikkje kan seie for sikkert korleis det ser ut under bakken kvar man borrar før man har prøvd. Dette kan bety at man investerer i dyre brønnar som ender med å ikkje gje forsvarleg avkastning i det lange løp. Dette funnet gav oss økt motivasjon ettersom betre planlegging og problemløysing ved brønnboring kan redusere både kostnader og uønska konsekvensar frå boring. Her kan Pro Well Plan levere eit verdifullt produkt.
For tida fokuserar vi hovudsakeleg på den amerikanske marknaden då den virka for å ha mange og diverse aktørar innanfor marknaden. Vi forsøker å kartleggje metodar og praksis ved boring blant ulike amerikanske firma og dermed kartleggje kven som kan nyte godt av Pro Well Plans produkt!