Danfoss – Del 2

No nærmar det seg slutten av praksisperioden, og er midt i ferdigstillinga av oppgåva. Førre veke hadde eg mine siste intervju, og eg er no ferdig  med å samle og hente inn informasjon. Det har vore ein veldig lærerik prosess kor eg har fått utfordra meg sjølv og mine tankar på mange område.

Eg er veldig heldig som har fått  lov til å bruke denne tida på eit tema som interesserer meg. Det har til tider vore krevjande å styre alt sjølv, og det har også vore vanskeleg å halde motivasjonen oppe når dei eg ynskjer å prate med ikkje svarar eller utsett møter igjen og igjen. Fleire av møta eg håpte å bli ferdige med før påske måtte takast etter, så det vart brått travelt dei siste vekene.

Jamvel om det har vore tregt å få folk i samtale til tider, opplever eg at dette temaet interesserer mange. Utsleppsfrie anleggsplassar er høgst aktuelt, byr på mange utfordringar. Dei ulike delane av næringskjeda har ulike erfaringar og difor ulike syn på kva som er dei største problema. Eit tema som er viktig for nokon, vert sett på som ein bagatell av andre. Det er ikkje alltid lett å vite kva som er reelt og kva ein skal tru på. Alle eg har prata med har eigne interesser og visjonar å verne om, og eg må sjå det dei fortel i ljos av det.

Då eg starta på oppgåva hadde eg mange tankar om kva som kom til å vere dei store utfordringane. Eg tenkte det ville vere umogen batteriteknologi, usikre investeringar og mangel på energi. Som ung student som brukar det meste av tida på å lese fagstoff og høyre på engasjerte førelesarar, er det fort gjort å få eit forenkla bilete av røynda. Utfordringane eg hadde sett føre meg var berre toppen av isfjellet. Dei verkeleg store utfordringane er politikk, lover og reglar, avgifter og konsesjonar, mangel på samarbeid og standardar, osb. Det har vore ein tankevekkande prosess, og eg har lært mykje.

Dei siste vekene i praksis kjem eg til bruke på å samla all informasjonen til eit heilskapleg dokument. Det er mykje som må sorterast, og mykje må skrotast. For å vere sikker på at det eg skriv vert lese, kan det ikkje vere for langt. Eg kjem til å sende ut det ferdige arbeidet til alle eg har snakka med som ein takk for at dei sette av tid til oppgåva mi. Det er dessutan fleire som har etterspurd det, og det er moro.

Sidan eg hovudsakleg skriv for Danfoss, lyt eg også omsetje det til engelsk. Dei ynskjer også at eg lagar ein PowerPoint som tek for seg det viktigaste, men kortfatta. Denne skal eg også presentere for ei arbeidsgruppe som arbeider innanfor same tema. Det gleder eg meg til, og eg er spent på kva dei kan bruke vidare av arbeidet mitt.

Eg har også fått vere med på eit par møte med vegleiaren min, for å sjå nærmare kva dagane hans består av. Det er vanskeleg å henge med på alt som vert sagt, men eg plukkar opp noko og kjenner att tema og omgrep frå fag og det eg har jobba med. Eg ser også parallellane mellom hans arbeidskvardag og måten eg har arbeidd med mi oppgåve denne våren, noko som er motiverande.