OneSubsea – Blogg 1

Hei,

Eg heiter Mona og er så heldig å ha praksis dette semesteret saman med to flotte medstudentar, Ine og Emilie. Me er for tida i praksis hjå ei bedrift som heiter OneSubsea, dette er eit Schlumberger-firma og er dermed del av eit stort internasjonalt selskap med hovudkontor i Texas. OneSubsea heldt til i nokre fine lokal på Sandsli i Bergen, med kort veg til bybanen og busshaldeplassar. Dei er leverandørar av undervassteknologi og leverer produkta sine til olje- og gasselskap i heile verda. Teknologien som vert levert skal kunne gi oljeselskapa auka utvinning frå eksisterande olje- og gassfelt. Dei leverer blant anna subseapumper som vert plassert nede på havbotnen og som gjer det mogleg å hente ut endå meir olje og gass frå reservoaret enn det ein i utgangspunktet ville klart. Sidan utvinning av olje og gass frå eit reservoar vil føre til at trykket i reservoaret minkar, treng ein å auke trykkforskjellen mellom reservoaret og havnivå slik at olja/gassen igjen kan strøyme ut. På denne måten vil ein kunne optimalisere produksjonen frå feltet og samtidig redusere energiforbruket.

I tillegg til produksjonsutvikling arbeider OneSubsea med prosessystem, kontrollsystem, svivel- og marinesystem og integrerte undervassløysingar. Desse områda fekk me ein rask gjennomgang av den fyrste dagen i praksis. Då fekk me nemleg vere med på eit introduksjonskurs om OneSubsea og Schlumberger for nyansatte i OneSubsea. Her fekk me ei innføring i organiseringa av bedrifta og vart presentert for dei ulike subseateknologiane som vert produsert. Då me hadde lite forkunnskap om produkta frå før var det noko vanskeleg å forstå alt det tekniske ved produkta. Det er likevel spanande å sjå at lærekurva er stigande, og at den tekniske kompetansen aukar i takt med tida brukt i praksis.

Eg er så heldig å få dele kontor med to medstudentar, noko som gjer opphaldet i praksis sosialt og kjekt. Innafor nokre glasvegger, med utsikt til gangen der kaffitraktaren og vannautomaten står, sit me. I eitt blant mange kontor i elektroavdelinga på bygget. Med kvar vår pc på dei to justerbare pultane sit me og skrollar på ulike nettsider. Ei av oppgåvene me heldt på med er å undersøke og samle inn informasjon om ein spesifikk teknologi. Me leitar etter nokre parametrar som kan nyttast til å skildre og samanlikne teknologien. Målet er å kunne seie noko om «state-of-the art» til teknologien, altså få ei oversikt over den nyaste utviklinga til produktet, og få ei oversikt over bruksområda. Denne oppgåva har til tider vore litt frustrerande, då det har vore vanskeleg å finne fram til den informasjonen me ynskjer å få tak i. Med mykje nettsøk håpar me etter kvart å finne fram til dei rette søkjeorda slik at me får samla inn litt meir relevant data.

Utanom all lesing og «research» har me òg fått tid til å bli litt kjent med kollegaane i lokalet. Ved lunsjtider plar kontaktpersonen vår stikke hovudet innom og melda frå om at det er tid for mat. Heile avdelinga plar ta lunsj saman, då ruslar me ned til kantina og stiller oss opp i køen til salatbuffeen og middagsmaten. Etter lunsj er det tid for påfyll av kaffi og noko frukt på veg opp til kontoret igjen. Nyleg har me brukt mykje tid på å leite gjennom nokre gamle dokument frå eit av dei tidlegare prosjekta i bedrifta. Dette er eit prosjekt frå 1990-talet, som til no berre har vore dokumentert i papirform. Me fekk i oppdrag å skanne og digitalisere dokumenta, og me har dermed gjort oss godt kjent med skrivaren på huset. Dokumenta består av møtereferat og papir med informasjon om prosjektet og sjølve teknologien. Me har leita oss gjennom papira og heldt på å notere ned relevant data som kan nyttast vidare i eit anna nyoppstarta prosjekt. Det er som du kanskje skjønar mykje undersøking og leiting etter relevant data som er arbeidsoppgåvene. Noko frustrerande til tider, men samtidig nokså lærerikt òg. Me får moglegheita til å lese oss opp på det tekniske og lære meir om subseapumper og annan subseateknologi. Me får òg nytte kunnskapane frå termodynamikken frå energi-, fysikk- og kjemifaga våre når me heldt på med utrekningar av trykk, verknadsgrad, effekt og kraft for å rekne oss fram til dei rette verdiane. Dessutan er det spanande å få eit innblikk i korleis ein ingeniør sin arbeidsdag kan sjå ut.

Me sit for det meste inne på kontoret og arbeider for oss sjølve. Med litt undersøkingar, utrekningar og ein del småprat og latter innimellom alt arbeidet passerer timane relativt fort. Sit me fast stikk med bortom kontoret til kontaktpersonen vår, eller sender ei melding til han som har hovudansvar for oss. Neste gong me kjem i praksis skal me få møte ein av dei som jobbar på fluidmekanisk avdeling. Me treng nemleg hjelp til å sjå over om dei utrekningane og dataa me har funne til no er korrekte. Dobbeltsjekke om det er rett framgangsmåte og om me har dei variablane me treng for å få dei parametrane me er på leit etter. Det er hyggeleg å merke at arbeidsmiljøet her legg til rette for at ein skal lære av kvarandre. Dei ulike avdelinga sit på kvar sin kompetanse, og då er det jo gode sjansar for å få hjelp av nokon som innehar den kompetansen ein sjølv manglar. Samarbeid og opplæring frå kvarandre er dermed òg ein del av arbeidsdagen.

Me har òg vore så heldige å få besøke industrianlegget og testsenteret på Horsøy. Som teknologiutviklar er OneSubsea stolte av å kunne stå for heile produksjonskjeda. Alt frå planlegging til produksjon, inkludert testing av utstyret, skjer av tilsette i OneSubsea, slik har dei kontroll på heile utviklinga av produktet. På Horsøy ligg industrianlegget til bedrifta, og her fekk me sjå kor dei produserer og monterer utstyret. Det er store installasjonar som vert laga, og gøy å kunne sjå produksjonen på nært hald, og ikkje berre gjennom bilete og planteikningar på kontoret.

Eg vil no avslutte med å seie at me har blitt teke godt i mot i OneSubsea, og er fornøgd med opphaldet så langt. Trass i ein litt treig oppstart grunna utlevering av PC og oppretting av digitale brukarar, er me no komne godt i gang og opplever oss velkomne i bedrifta.