Pro Well plan -del2

Hei igjen!

Sidan sist har me (Erling og Astrid) gjort mykje av det same hos vår praksisbedrift pro well plan (PWP). Vart konkrete sluttmål er å laga ein marknadsanalyse, som vil gjere det lettare å selje tenesta til PWP til ein marknad som enno ikkje er tatt. Dei marknadane som me har hatt i hatt i fokus er geotermiske brønnboring og carbon capture and storage (ccs). Som sagt i tidlegare blogginnlegg er PWP hovudsakeleg i olje bransjen, men vår arbeid er ein start på deira grøne skifte. Eg har hatt «føringa» på det geotermiske og Astrid på CCS. Det vil sei at eg har snakka mykje med ingeniørar og konsulentar på Island kor geotermisk energi er mykje meir utbreidd enn her i Norge. Medan Astrid har hatt føringa på CCS, og har snakka om Norske ingeniørar om brønndesign på carbon brønnar. Kommunikasjonen med dei Islandske firma har i stor grad vore e-post og teams møter, noko som er særs spanande og lærerik, i lys av å skapa nettverk og henta ut informasjon om faget.

 

Dett er eit utval av dei selskapa ingeniørane me har snakka med kjem frå.

 

Relevante fag me har hatt tidlegare er Energi 101, der me lærte om det tekniske om geotermisk energi, CCS og generell reservoar mekanikk. Det er ein stor del av PWP å oppdatera og forbetre Software så INF100 er relevant, med det er mykje meir avansert enn det me læte på eit halvt år med koding. Sidan det er ein marknadsanalyse med til slutt skal sitja igjen med hadde det nok vore greitt å hatt dette som fag og lært det reint akademisk, sjølv om det høyrar meir til ein økonomi utdanninga er det greitt å ha i verktøyskrinet i ein slik jobb. Eller skulle eg ønske at Energi 101 var meir utfyllande på geotermisk område, med tanke på kva datasett som var relevante og litt meir vinkla mot data, sjølv om alt av spesialiseringsfag kjem seinare i studieløpet hadde det våre betre å hatt det før ein begynte. Elles har eg teke ING303 samstundes med praksis og sett korleis denne oppstartsbedrifta har gjer det i forhald til teorien, og korleis dei har brukt alle knepa i systemtenking for å lag det best moglege utgangspunktet.

Som sagt er det mykje data og koding i PWP sjølv om det ikkje er det me er sett til å gjere. Då hadde det våre greitt med avansert koding som maskin læring (veldig relevant), samt data sikkerheit. Det er og mykje prosess av data, og veldig mykje data så STATT110 er relevant for data mangment. Eg veit ikkje om det er eit fag som heiter det, men behandling av data i eit fag hadde definitivt kome til nytte i denne jobben.

I siste innspurt nå skal me laga sjølve marknadsanalysen og gjera den så lett tilgjengeleg som mogleg for dei som tar den opp og skal bruke den i framtida. Eg håpar at vår innsats her i PWP er godt motteke og faktisk blir brukt i framtida til å gjere sal.

 

Til slutt ei bilde av vårt heilt fantastisk kontor.

-Erling