BKK, Del 1

Hei! Mitt navn er Tobias og eg studerer 2.året på integrert master i Energi ved UIB. I år har vi faget Energi240, der vi er på praksisutplassering i bedrift. Eg er på praksis i BKK Nett AS. BKK Nett er en del av BKK-konsernet som no skal skifte navn til Eviny. BKK Nett, som eg er en del av, beholder derimot navnet BKK. I sommarferien hadde eg sommarjobb i BKK Nett, og var så heldig å få fortsette i denne jobben på deltid resten av året, samtidig som eg studerer. Eg trivast så godt og lærer så mykje nytt, derfor ønskte eg gjerne å ha praksisplass i BKK også.

I BKK Nett så holder eg på med det som ein kallar dokumentasjonsbiten. Dokumentasjonsbiten går ut på å tegne inn kablar, linjer, nettstasjoner osv. i eit system som blir brukt til å se posisjonen til dei ulike komponentane i nettet. Desse teikningane blir blant anna brukt når ulike utbyggarar skal grave, for å vite at dei ikkje treffer kablar når dei graver i bakken. Systemet blir også brukt til å kunne rekne på kapasiteten til strømnettet. Når noken skal bygge ut nye bygg så må prosjektingeniørane i BKK Nett berekne om det allerede er kapasitet på nettet til det nye prosjektet, eller om ein må bygge ut for at strømnettet skal tåle den økte belastninga. I tillegg blir systemet brukt til den daglige drifta av strømnettet.

Framover i praksisperioden skal eg bli med i det som heiter BKK innovasjon og utvikling, som er i den delen av konsernet som skal bytte namn til Eviny. Der er fokuset meir på forsking og nyskaping, og man arbeider med nye prosjekt som skal bidra til grønn og økonomisk utvikling. Der skal eg, sammen med to andre medstudentar, jobbe med eit prosjekt der vi ser på å erstatte dieselaggregat med batteri. Dette prosjektet skal vi begynne å jobbe med neste veke, og skal jobbe med det i ca. ein måned. Det blir spennande!

Eine dagen i praksisen denne veka fekk vi også vere med på omvisning på BKK sitt nye kontorbygg, som blir kalla Skipet. Det ligger på Danmarksplass i Bergen, og er heilt nybygd. Der fikk vi blant anna sjå på solcelle-anlegget, som byggeigaren hadde bygd på taket av Skipet. Der brukar dei solcellene til å lade opp nokon gamle Nissan Leaf- batteri, som var blitt for dårlige til å bruke som elbilbatteri. Dei elbilbatteria bruka dei igjen for å kunne forsyne bygget med strøm når straumen er på sitt dyraste gjennom dagen, og dermed unngår dei strømpristoppane!

Intrykket mitt fra praksisperioden så langt er veldig positivt. Eg synest BKK er gode på å inkludere oss studentar, og eg føler at vi faktisk får gjøre noko som dei har nytte av. Dei er flinke på å ta oss med i det sosiale i bedrifta, og dei viser at dei set pris på jobben vi gjer. Ein praksisplass eg verkeleg anbefaler!