Om i Morgen – Del 1

Hei, mitt namn er Bjørn, og saman med Ida har eg fått praksisplass hos Om i Morgen. Om i Morgen er ein ideell organisasjon som jobbar med klimaformidling og tverrfaglege løysningar. Stiftelsen ble oppretta i 2019 og har raskt vekse til ein organisasjon med meir enn 30 medlemmar.

Om i Morgen har kontor på Spaces, ein felles arbeidsplass som samlar små bedrifta til eit stort lokale. Her møter eg og Ida opp måndagar og tysdagar for å jobbe med arbeidsoppgåvene våre.

Det største prosjektet som Om i Morgon for tida jobbar med er konferansen «Vi må snakke Om i Morgen 2022» som blir heldt 31. januar 2022 i Grieghallen. Med temaet «den tverrfaglege løsningen» har de invitert politikarar, akademikarar og næringslivet til å holde foredrag om sitt eiga fagfelt. Her skal eg bidra med å søkje økonomiske midlar og invitere bedrifta som me ynskjer på konferansen. Eg skal også setje opp og stå på «stands» på ulike fakultet, for å reklamera for konferansen og Om i Morgen.

No for tida planleggje eg og Ida ein video som omhandlar berekraft som skal visast i relasjon til konferansen. Det inneberer sjølvsagt eit stort ansvar å lage noko som kan bli sett av så mange folk – konferansen er lagt opp for 1200 personar – så dette er noko me tar seriøst. Eg trur det blir spanande å tråkke litt utanfor komfortsonen og gjere ting eg aldri har gjort før.

Det sosiale miljøet er veldig bra på Om i Morgon. Me blei vel mottatt og raskt integrert inn i arbeidsplassen. Eg føler eg har blitt godt kjent med mange av dei tilsette, og håpar på fleire sosiale arrangement i tida som kjem.

Framover skal eg få prøve meg på alle delar av bedrifta, frå HR til artikkelskriving til formidling. Eg ser fram til å få prøvd meg på forskjellige jobbområdar, då det verkar som ein god læring for å venne seg til jobbmiljøet.

Så langt har eg hatt ein bra start på praksisen min hos Om i Morgen, og eg gler meg til å sjå kva eg har i vente!