Praksis hos Fjordkraft – del 2

Heihei!

Då var det klart for det andre (og siste ☹) blogginnlegget frå Fjordkraft denne våren. Det har vore eit veldig spesielt semester for alle, og det har så klart også påverka praksisen vår til ei viss grad. Heldigvis har eg hatt moglegheit til å ha heimekontor etter alt stengte, noko som har gjort det mogleg for meg å fortsette praksisen min nesten som før.

Kvar morgon sender alle på avdelinga ein felles mail til kvarandre, slik vi er oppdaterte på kvarandre sine prosjekt og arbeidsoppgåver. Då eg berre arbeidar torsdag og fredag, brukar eg å sende ein mail onsdags ettermiddag eller torsdags morgon for å høyre kva arbeidsoppgåver dei ynskjer eg skal gjere dei neste dagane. I det siste har eg arbeida mykje med informasjonsinnhenting og samanstilt informasjonen i onepagers. Då vi ikkje lenger sit i same kontorlandskap kan det fort verte litt kjedelege daga utan nokon kollega å snakke med og eg har sakna jobbkvardagen veldig.

Sakna den flotte utsikta frå kontoret

Arbeidsoppgåvene mine har vore ganske like sidan eg gjekk over til heimekontor. Alle møta vi har er sjølvsagt digitale, noko som har fungert ypparleg til no. Veldig kjekt å sjå litt andre ansikt enn berre dei heime. Man sparar og tid ved at man slepp tidssluk som å booke rom, ordne mat og vandring fram og tilbake. Avdelinga eg arbeidar på har mange prosjekt i lufta og det er difor aldri eit kjedeleg augeblikk. Mi oppgåve har vore å bistå dei på best mogleg måte med analyser og andre arbeidsoppgåver slik prosjekta ikkje stoppar opp.

Heimekontor med utsikt over Store Lungegårdsvannet er ikkje så verst det heller da. 

Eg har lært svært mykje denne praksisperioda, som eg ikkje var klar over var så viktig å kunne, og eg er veldig glad for å ha fått moglegheita til å arbeide med energi via denne innfallsvinkelen. Her har eg fått sett korleis ei bedrift kan velje å tilpasse seg det grøne skiftet og korleis det påverkar dei og andre i næringslivet. Eg ser på Fjordkraft som ein rollemodell for andre bedrifter i deira syn på klima, og ved det ansvaret dei tek når dei lansera prosjekt som Klimanjaro og Klimahub. Desse tiltaka skapar store ringverknadar, og aukar bedriftene sitt fokus på miljø og klima.

Skjermbilde frå Klimahub.no

Denne veka er siste veka mi i praksis, og som de kanskje har forstått frå dei to blogginnlegga mine har eg virkelig stortrivest. Det har vore veldig spennande å følgje dei prosjekta dei held på med over så lang tid, og eg syntest det var kjipt å måtte slutte allereie no. Eg spurde difor Arnstein (sjefen min) om dei trengte noko hjelp vidare i sommar, noko han sa dei gjorde! Eg er så takksam for å få moglegheita til å arbeide der vidare, spesielt med tanke på den situasjonen vi er i no der mange bedrifter ikkje tek inn nokon sommartilsette.

No vert det mest lesing til eksamen framover og eg ynskjer alle mine medstudentar lykke til!

– Christina <3