Blogginnlegg #2 fra DNV GL

Hei bloggen, eg er endeleg tilbake!

Her kjem ei oppdatering frå praksisopphaldet mitt hjå DNV GL dei to siste månadane.

Den siste veka i februar tok eg fri frå praksis, då det var fleire av kollegaene som skulle ha vinterferie, i tillegg til at eg hadde obligatorisk oppgåve i INF101. Eg var tilbake veka etter, og fortsette jobbinga med analysering av data, slik dei tidlegare vekene hadde gått i. Eg fekk også eit fast ansvar, der eg kvar veke skulle loggføre temperatur og trykk i fleire av testkammera på laben. Det er i desse kammera malingspanela blir testa i seks månadar. Det er naturlegvis difor viktig at temperaturen og trykket blir jamleg monitorert. Resten av veka gjekk i analyse av data, og framstilling av resultata. Eit par veker seinare skulle eg presentere funna eg hadde gjort, for resten av avdelinga.

Veka etter kom eg til nesten tomme kontor torsdag 12. mars. På grunn av Covid-19 var fleire tiltak iverksett, som resulterte i at alle som kunne ha heimekontor skulle ha det inn til vidare, medan ein rotasjonsplan blei utarbeidd. I einighet med avdelingsleiaren har eg hatt heimekontor sidan den dagen. Heldigvis hadde eg mykje «kontorarbeid» som kunne gjerast frå kjøkenbordet heime. Frå heimekontoret jobba eg med dataanalyse og Excel den neste veka, og hadde nokre møter på Teams med gjengen på avdelinga. Elles gjekk mykje av tida i spekulering i når campus skulle opne igjen, og kva som skjer med eksamen osv.

Veka etter var det klart for å presentere det eg hadde analysert meg fram til. Dette skjedde sjølvsagt over Teams. Eg kan diverre ikkje gå for mykje inn på det eg fann ut, men resultatet blei ei felles Excel-fil for alle malingsleverandørar, t.d. Jotun og Hempel. Denne fila er linka til kvar enkelt leverandørs oversiktsfiler, slik at etter kvart prosjekt (test av panel), så vil den felles fila bli oppdatert. I tillegg til dette hadde eg lagd ulike diagram som framstilte testresultata, og samanlikna dei. Dei same diagramma vil bli oppdatert automatisk etterkvart som den felles Excel-fila blir oppdatert. Presentasjonen var ein suksess, og avdelingsleiaren ynskte at eg skulle presentere dei same funna for Jotun veka etter.

Den neste veka var det klart for møte med to avdelingssjefar frå Jotun. Eg og tre andre som jobbar med «Coating and Corrosion» hjå DNV GL var med på møtet, i tillegg til avdelingsleiaren hjå DNV GL. Etter eg hadde presentert det eg hadde, blei det ein liten time med diskusjonar rundt kva Jotun trengte, og kva DNV GL kunne skaffe av dataanalyser. Jotun verka veldig interessert i funna eg hadde grove fram, og ynskte at DNV GL skulle fortsette å bruke masterfila eg hadde laga, slik at dei enkelt kunne be om ulike statistikkar o.l. om ønska.

Etter møtet med Jotun har eg jobba med å finstille på Excelarket eg har laga, men har diverre ikkje hatt så mykje meir å gjere på sidan då. Eg har vore med på møter o.l. via teams, men sidan det har vore veldig travelt hjå DNV GL, på grunn av Covid-19, så har eg ikkje fått nokre fleire oppgåver dei siste vekene. Det er forståeleg i ein slik situasjon som ein er i. Eg har nytta tida til å gjere mykje skulearbeid frå heimekontoret.

Eg hadde siste dag i praksis fredag 24. april. Eg har fått vore med på utruleg mykje spennande som eg elles ikkje hadde fått oppleve. Eg synes eg har fått mykje god erfaring om korleis arbeidslivet ser ut, ikkje minst korleis ein jobbar i ei konsulentverksemd. Det er til stor hjelp for val av vegen vidare etter fullført studie.

Vil nytta denne anledninga til å takka DNV GL Bergen for opphaldet.

Takk for meg, take care and stay safe!

 

P.S. Grunna heimekontor har eg diverre ikke nokre nye bilete frå praksisopphaldet.