Hei eg heiter Tormod, og eg har praksisen min hjå DNV GL, avdeling for Materials & Lab. Eg er her hovudsakleg på torsdagar og fredagar. Her er det mange som jobbar, ca. 85 stk, fordelt på 3 avdelingar. I avdelinga for Materials & Lab er det 19 stk.
Planen for meg er at eg skal kunna vere med å hjelpe alle som treng det i ulike prosjekt, og at arbeidet her hjå DNV GL skal vere fordelt ca. 50 – 50 mellom kontorarbeid og labarbeid. Eg skal også få eit sideprosjekt som eg kan jobbe sjølvstendig med dersom det ikkje er noko labarbeid å gjere. Det handler om «big-data», altså å prøve å lage ein «oversikt»/lage eit program som kan samle mykje data, typisk excel-ark, på tvers av ulike prosjekt innanfor malingsavdelinga. Slik at det blir enklare for prosjekta å samarbeide med kvarandre.
Den første veka hjå DNV-GL gjekk hovudsakleg ut på å bli introdusert og gjort kjend med korleis firmaet jobber. Den første dagen måtte eg gjennom ein del HSE kurs (HMS), som hovudsakleg hadde vekt på korleis gjere ting sikkert, og korleis ein best skal hindra at sensitiv informasjon kjem på avvegar. Eg fekk ein omvisning i avdelinga, og ein egen cubical (kontorpult) med laptop/pc-skjermer og skrivesaker. Eg fekk også ein gjennomgang av rutinar ved bruk av den livsfarlege gassen H2S på labben, samt ei innføring i kva sikkerhetsbarrierar DNV GL har gjort for å kunne jobbe med H2S på ein forsvarleg måte. På fredagen (dag 2) blei det gjennomført kurs i Varme arbeider (kurs for korleis unngå brann osv. ved bruk av ulike brannfarlege verktøy) for alle i avdelinga. Det varte frå 08.00 til ca 14.00, med eksamen på slutten som alle besto, inkludert meg sjølv. Etter det var det obligatorisk for alle å slukke ein brann med brannslukningsapparat.
Etter ei første veke med mykje info og kurs, og lite arbeidoppgåver, blei det meir å gjere på den neste veka. Ein kollega fann litt eg kunne gjere på den dagen, i tillegg til å sende meg nokre rapportar han hadde skrive tidlegare. Det var veldig interessant lesestoff når det elles var lite å gjere på, då eg fekk eit ganske godt innblikk i korleis ein del av jobben blir gjort. Etter lunsj den dagen fekk eg mi første arbeidsoppgåve på labben. Eg hjalp ei som heiter Qian, med å ta i mot ei bestilling frå Jotun. Det var i første omgang veldig «straight forward» arbeid, men eg lærte ein del av korleis heile prosessen føregår.
Jotun hadde sendt eit antall stålpanel/plater som dei hadde malt med ulike kombinasjonar av grunning og maling. Min jobb var no å pakke ut alle panela, loggføre at det stemte overens med bestillingslistene, fylle ut eit nytt skjema for seinare bruk, og så pakke dei ned igjen for å sende dei til maskinering. Maskinering lager så eit hol gjennom heile panelet, og ei rose (hol og riper i malinga) og sender tilbake til oss. Me festar så ein anode av hovudsakleg aluminium i panelet, og legg det i ein saltvasstank i 6 månader. Dette skal simulere yttersida/skroget av t.d. eit skip. Det vil då begynne å korrodere ved rosa på panelet, men det er anoden som vil «forsvinne» først. Ved å veia anoden før og etter panelet har vore i saltvasstanken, kan ein finne korrosjonskoeffisienten og finne kva malings- og grunningskombinasjon som fungerer best. Min “follow-up” jobb på fredagen blei altså å klargjer anodene som skulle festast til panela. Først måtte eg merka dei ved å stemple/meisle inn eit nummer, så måtte eg vaske dei nøye, og til slutt vege dei med fire desimalers nøyaktighet. Dette blei ført inn i ein tabell til seinare bruk.
På slutten av fredagen fekk eg vere med på å kalibrere ein lastering. Det gjekk ut på at ein sjekker kor stort strekket/kompresjonen i lasteringen (målt i 1/1000 tomme) er for ulike mengder kraft/trykk. Dette var kjapt gjort ved hjelp av ein maskin som ein programmerte til å presse til angitt kraft var oppgitt. Ein kunne då lese av strekket/kompresjonen i lasteringen, og sjekke om dette var .
Den tredje veka var innholdsrik, med oppgåver så og sei heile onsdagen (praksis onsdag og torsdag denne veka pga. tur til Liverpool og Anfield i helga). Eg fekk vera med på eit prosjekt med ei som heiter Marie. Oppdraget fra kunden gjekk ut på å bekrefte funn av sveisedefektar i eit stålrøyr. Kunden hadde med vilje laga nokre defektar (sveisefeil), slik at dei kunne bruke ein maskin (Radiograf? litt usikker på navn) til å finne lokasjonen til defektane. Vår jobb var då å finne defektane og forhåpentligvis kunne bekrefte posisjonane, slik at maskinen til kunden kan brukast offshore. Røyret var delt opp i 22 bitar, og vi pussa alle desse bitane slik at skaden kom til syne. Dersom det ikkje var noko synleg skade på «stålbiten», brukte vi ein penetrant og ein coating (rød spray+kvit spray) for å sjå om nokre av bitane inneholdt nokre veldig små defektar. Fortsette med dette på torsdagen. Eg fekk ansvar for å “lokalisere” skadane, som eg skreiv inn i eit excel-ark. Vi tok så bilder av alle bitane, for å sende til kunden i lag med målingane og eventuelle andre funn.
Veke nummer fire starta roleg, med lite å gjere fram til lunsj. Etter lunsj fekk eg nye oppgåver på laboratoriet. I forbindelse med malingspanela fekk eg to oppgåver. Først skulle eg slipe gamal maling av ca. 200 “dolly” . Når det var gjort fekk eg ei oppgåve der eg skulle tømme maling over i ein beholder som romma nøyaktig 100 mL, for så å vege dette. På grunn av ulike løsemiddel o.l. som fordampar etter kvart, måtte eg bruke gassmaske og avtrekksrom. Ein «dolly», som eg slipte ca. 200 av, blir limt til eit panel som har vore 6 månader i ein saltvasstank. Ein tek så å drar/river av «dollyen» for å måle avtrekkskraft, då kan ein analysere kor mange malingslag som følger med på dollyen, dersom for mange malingslag følgjer med, blir ikkje testen godkjent. Ut i frå dette kan ein berekne kva malingskombinasjon på panela som var sterkast. Fredagen var også roleg med litt lite relevant arbeid eg kunne vere med på, dette på grunn av mange møter osv. for dei andre. Eg fekk då to oppgåver på laben som eg holdt på med i løpet av dagen: 1) fikse/sette opp eit gammalt mikroskop, og 2) gå gjennom kjemikalieskapet på laben, der eg skulle loggføre alt som var der, og kva som var utgått på dato osv. Begge oppgåvene var greie å putle på med, det å få mikroskopet opp å gå igjen gav litt meistringsfølelse.
Veke 5 og 6 har eg hovudsakleg jobba med Excel. Der har eg lagd ulike diagram av resultat fra det som heiter coating & painting. Eg synes det er veldig greit å ha dette sideprosjektet som eg kan jobbe med når det elles ikkje er arbeidsoppgåver til meg på laboratoriet. Eg har vore litt på laboratoriet innimellom, også har eg vore på Buehallene. Buehallene er DNV-GL Bergen sin lokasjon for testing av store komponentar, innanfor skuddsikre glass og med stålplater i veggane.
På fredagen i veke 6 fekk eg vere med på eit årlig møte med GCE Ocean Technology i deira lokale (der ved grupperommene til INF109 😉 ). Her var fleire store bedriftar samla til eit cluster-meeting for å oppdatere kvarandre på kva bedriftene jobbar med og lignende. Eg fekk inntrykk av at fornybare energikjelder, spesielt havvind blir meir og meir populært.
Som ei oppsummering har oppholdet så langt vore veldig lærerikt, sjølv om det ikkje alltid er super relevante arbeidsoppgåver, så lærer eg mykje eg elles ikkje hadde lært. Dagane varierer veldig, og foreløpig så har eg ikkje hatt to arbeidsoppgåver som er like. Ser fram til fortsettelsen.