NORCE – Sivert Torsheim

Hei! Mitt namn er Sivert, og denne hausten har eg vært på utplassering hos NORCE saman med tre andre studentar frå energi. NORCE står for «Norwegian Research Centre», og det er eit av dei største uavhengige forskingsinstitutta i Norge. NORCE driver med forsking, utvikling og innovasjon saman med både offentleg og privat sektor, og NORCE har stor aktivitet innanfor energi, teknologi, klima, miljø, samfunn og helse. NORCE har over 750 tilsette i 10 forskjellege norske byar, og vist ein inkluderer dotterselskap har dei over 1100 tilsette frå heile verda. Universitetet i Bergen er den største deleigaren av NORCE, og 3 andre norske universitet er òg deleigarar i NORCE.
I dei første vekene her hos NORCE har vi fått eit innblikk i korleis kvardagen som ein forskar hos NORCE er. Blant anna har vi fått ein presentasjon av ein forskar der han fortalde om seg og si utdanning, og det som han har forska på. Vi har og fått sett på nokon av dei veldig moderne laboratoria som dei har her. På labben fortalde ein forskar om prosjektet ho heldt på med, korleis utstyret på labben fungerte og korleis ho brukte det i prosjektet sitt. Dette var interessant, og vi fekk eit lite innblikk i korleis ein forskar arbeidar på labben.
Vi har òg fått høyre om diverse prosjekt som energi- og teknologiavdelingane til NORCE jobbar med, og blant dei har vi fått høyre litt om HyValue. HyValue er eit NORCE leia senter for miljøvennleg energiforsking som jobbar med å avgjere rolla til hydrogen i å nå ein nullutslepps energiøkonomi, og med å hjelpe integreringa av hydrogen inn i samfunnet. I forbindelse med dette fekk vi i oppgåve å sjå på heimesida til HyValue, der vi skulle sjå gjennom den for å sjå om det var noko vi tenkte at dei kunne forbetre med nettsida. Tilbakemeldingane vi gav blei brukt til å forbetre nettsida.
Vi har òg dei siste vekene begynt å snakke litt om karbonfangst og permanent lagring, eller CCS. Dette er eit tema som NORCE har ledande forsking på, og det er noko eg sjølv synst er veldig interessant. Vi har blant anna fått i oppgåve å sjå på korleis tettheita og viskositeten til karbondioksid endrar seg når man variera trykk og temperatur. Dette er relevant for forskarane her hos NORCE når dei ser på korleis dei mest effektiv skal transportere karbondioksidet og lagre det permanent under Nordsjøen. Vidare framover skal vi sette oss endå meir inn i dette temaet, og vi har blant anna fått i oppgåve å høyre på ein podcast der dei diskuterer karbonlagring.