Mitt namn er Nelly, og dette semesteret har eg praksisutplassering hjå Danfoss på Voss. Danfoss er no ei verdsomspennande bedrift med over 37. 000 tilsette. Dei har ikkje eigentleg noko kontor på Voss, men sidan verda har kome langt teknologisk kan vegleiaren min ha kontor der medan kollegane hans sit i mellom anna Danmark, Tyskland, Finnland og Canada.
Danfoss starta som ei einmannsbedrift i Danmark i 1933 og har utvikla seg sidan. I byrjinga laga dei termostatstyrte ekspansjonsventilar og prototypen på radiotermostaten. Etterkvart laga dei også regulatorar og dyser for oljebrennarar, kompressorar, hydrauliske komponentar, og så bortetter. I dag er det ei bedrift i tre deler med tre ulike fokusområde: Power Solutions, Climate Solutions og Drives. Danfoss leverer mange ulike komponentar til nær sagt alle industriar og fagfelt. Dei leverer til dømes komponentar til elektrolyse for hydrogenproduksjon, og til batteriteknologi og lading. Dette er bransjar under stadig utvikling, og komponentane må heile tida utviklast for å kunne dekke nye og støre behov som eit resultat av det grøne skiftet me no er inne i. Arbeidskvardagen til mellom anna vegleiaren min går ut på å forstå korleis komponentane passar inn i heile systemet, kva kundane treng og korleis dei kan få komponentane til å skilje seg ut slik at kundane vel akkurat dei.
Mine arbeidsoppgåver i praksis er ikkje direkte arbeidsoppgåver sidan det eg held på med ikkje har noko med Danfoss å gjere direkte. Eg har fått lov til å finne eit prosjekt som eg ynskjer å bruke denne tida på, og så vil vegleiaren min hjelpe meg undervegs og setje meg i kontakt med relevante personar i Danfoss dersom han ser at dei kan bidra til prosjektet. Forhåpentlegvis kan også Danfoss dra nytte av oppgåva mi til slutt, sidan dei har brukt tid på meg. Eg var veldig i tvil om kva eg venta å få som arbeidsoppgåver og kva eg venta at praksisperioden ville innebere, men eg venta ikkje å få frie tyglar. Med fridom kjem ansvar, noko som er både moro og utfordrande.
Mitt prosjekt er å identifisere kva utfordringar ein står ovanfor for å få til ein utsleppsfri anleggsplass på Vestlandet. For å gjere det, lyt eg prate med ulike bedrifter i dei ulike delane av næringskjeda. Den består av byggherrar, entreprenørar, kraftleverandørar, nettselskap og teknologi. Då eg skulle velje prosjekt ynskte eg å ta noko som eg i utgangspunktet ikkje hadde så stor interesse i. Batteriteknologi har aldri vekka interesse i meg og er ikkje noko eg har hatt planar eller ynskje om å gå djupare inn i i laupet av studietida. Difor var det logisk for meg å gå i djupna på det no berre for å ha gjort det. Diverre (eller heldigvis, alt ettersom) er dette eit svært spanande tema, så det spørs om eg klarar å legge det frå meg likevel når semesteret er over.
Prosjektet har kravt at eg har brukt tid på å lese dei relevante rapportane som er å finne på verdsveven. Døme på dette er Mulighetsstudie utslippsfrie anlegg bestilt av Stavanger Kommune, og Handlingsplan for fossilfrie anleggsplasser innen transportsektoren frå regjeringa. Rapportane har gjeve rask innføring i kva som fins av insentiv og vedtak, teknologi og utfordringar.
Eg har også brukt noko tid saman med vegleiaren min til å setje opp ein tidsplan. Når ein aldri har vore borti noko liknande før, er det vanskeleg å sjå føre seg kor lang tid ting tek. Eg fekk fleire openbaringar fyrste dagen kva angjekk tid og tidsbruk under laginga av denne planen, og dei har vist seg å stemme. Ting går skjeldan slik ein har tenkt og til riktig tid, og nettopp det er det viktig å ha med i planlegginga.
Det har også vore ein prosess å finne fram til dei rette personane i dei ulike bedriftene, men til gjengjeld er dei veldig positive og imøtekomande. Medan eg skriv dette har eg nettopp vore på eit møte med m.a. prosjektdirektøren i Bane NOR Utbygging Portefølje Vest på kontora deira ved Nygård. Vidare skal eg ha og har hatt møter med mellom anna prosjektsjefen for Arna-Stanghelle-prosjektet i Statens Vegvesen, rådgjevarar i Eviny og BKK, og utvalde entreprenørar i Hardanger- og Voss-regionen. I samband med desse møta har eg også fått tilsendt rapportar som eg må setje meg inn i. Kvart møte krev ein god del førebuing og etterarbeid for å sortere informasjon.
Etterkvart som eg har kome i kontakt med interessante personar og bedrifter, har det dukka opp nye perspektiv og problemstillingar som eg gjerne skulle ha utforska meir. Den største syndaren i dei fleste anleggsprosjekt hadde eg ikkje tenkt på, men til gjengjeld er det eit veldig interessant tema. Det vanskelegaste med heile prosjektet er altså å unngå å hive seg over alt det interessante som dukkar opp og tenke at eg har tid til det også. For det har eg ikkje, har eg fått beskjed om.
Planen framover er å gjere meg ferdig med byggherre-delen av næringskjeda, og jobbe meg nedover. Eg er godt i gong med å finne kontaktar, planlegge og halde møter. Det er eit tema som er høgst aktuelt, og det er mange som ynskjer å diskutere sine tankar og kva utfordringar dei har støtt på. Mange ynskjer også å få ta del i og bli oppdatert på det eg finn ut, noko som overraska meg i starten like mykje som det at dei i det heile ynskte å bruke tid på meg. Det er veldig moro, og ein får kjensla av at det ein gjer har verdi. Det er motiverande.
Til slutt i prosjektet håpar eg å kunne lage ei god oversikt over kva utfordringane er, kvar dei er, og kva dei ulike delane av næringskjeda treng av kvarandre for at utsleppsfrie anleggsplassar skal kunne vere ein realitet. Målet er at eg skal lage ein presentasjon og presentere arbeidet mitt for Danfoss, næringslivet på Voss, og alle andre eg har snakka med og brukt tida til.