Hei igjen bloggen!
No nærmar det seg slutten på praksisperioden min, og det har skjedd litt nytt sidan førre innlegg. Eg har fått vere med på fleire spennande oppgåver som har gitt meg eit endå betre innblikk i korleis Småkraft fungerer og kva som skal til for å drifte så mange kraftverk på ein effektiv og god måte.
Ei av dei største oppgåvene mine den siste tida har vore å oppdatere internkontrollsystemet til Småkraft. Internkontroll er eit lovpålagt system som sørger for at kraftverka opererer i samsvar med gjeldande lover, reglar og konsesjonar. Systemet handlar om å dokumentere og følgje opp at alle rutinar for vedlikehald, drift og tryggleik er på plass. Min hovudjobb har vore å samle all dokumentasjon frå kraftverka og organisere det i ein ny filstruktur. Dette skal gjere det enklare å finne fram til dokumenta dersom kraftverka vert kontrollert av myndigheitene.
Arbeidet har vore prega av mykje systematisering, og sidan det er snakk om heile 180 kraftverk berre i Norge, er dette ein omfattande prosess som krev mykje tid. Dette har resultert i nokre einsformige oppgåver som har hatt eit litt avgrensa læringsutbytte, men det har òg vore lærerikt å få sjå korleis ein stor aktør som Småkraft organiserer og held oversikt over så mange kraftverk. Eg har forstått kor viktig det er med god dokumentasjon og eit ryddig system for å halda oversikt og kontroll.
I tillegg til arbeidet med internkontrollen har eg fått vere med på eit større prosjekt der Småkraft vurderer å kjøpe ei samling kraftverk. Her har eg fått bruke det eg har lært tidlegare, spesielt produksjonsberekningar, for å estimere kor mykje straum dei ulike kraftverka kan produsere. Desse berekningane er ein viktig del av vurderinga når det kjem til verdsetting og om kjøpet kan vere økonomisk lønsamt for Småkraft. Det har vore interessant å få innsikt i denne delen av bransjen også. Her har eg fått jobba på tvers av avdelingar i selskapet og sett samanhengen mellom den økonomiske og tekniske delen. Det blir veldig spennande å følga detta prosjektet vidare.
Heile praksisperioden har vore svært lærerik, og eg har fått ei djupare forståing av korleis energibransjen og arbeidslivet fungerer. Det har vore spesielt motiverande å sjå korleis teori eg har lært på skulen kan brukast i praksis. Eg ser no fram til å fullføre praksisen og ta med meg dei erfaringane eg har gjort vidare i studiane mine.
Helsing, Eilif.