Hei alle saman! Eg heiter Torstein, og i dette innlegget skal eg gi ei lita innsikt i min erfaring med praksisen hos Eviny Termo så langt. Eviny (tidlegare kjent som BKK) er det største energiselskapet i Vestland og driv med svært varierte arbeidsoppgåver, alt frå produksjon, omsetning og transport av energetisk kraft, men også mindre roller som dei ulike selskapa innad i konsernet har ansvar for. Eg jobbar innanfor Eviny Termo, eit selskap som har ansvar for å drifte fjernvarmenettet her i Bergen. Vi er ca. 30 stykk her i Bergen som jobbar med dette. I tillegg er det ein avdeling i Førde der det er 3 fast tilsette.
Eviny Termo har konsesjon for å etablere, drifte og vedlikehalde fjernvarmenettet her i Bergen, samt prøve å selje tilbodet til eventuelle kundar. Dei er allereie svært etablert i Bergen, der store deler av sentrum, samt stader som Nygård, Fyllingsdalen, Haukeland, Flesland, Kokstad/Sandsli, Paradis etc.… er kopla på nettet. I tillegg oppstår det kontinuerleg skader på røra, lekkasje som gjer at ein er nøydt å grave opp røra og bytte ut deler og reparere nettet. Dette krev mykje info, noko som gjer at det å ha gode og organiserte system på plass er veldig nødvendig.
Eviny bruker eit program som heiter GIS for å kartlegge fjernvarmenettet sitt, samt andre nett som til dømes fiber, men dette kartet er per dags dato full av feil, det er uoversiktleg og relativt nyleg tatt i bruk. Eg har difor fått i oppgåve å oppdatere dette kartet med all data Eviny ønsker å ha inne i det, samt legge til funksjoner i det der ein ser at det trengs.
Dette blogginnlegget er skriven etter 1 månad med erfaring her hos Eviny. Starten av praksisen gjekk for det meste ut på å bli kjent med dei ulike folka på teamet og høyre kva dei hald på med. Eg hadde og et par møte med fleire på teamet der eg lærte om fjernvarmenettet, og litt det tekniske bak det dei arbeider med. Eg reiste og fleire gangar ut for å sjå litt praktiske situasjonar blant anna:
· Skjekka opp i kundesentralane for å lokalisere lekkasjar
· Undersøke graveområde for å sjå etter feil i røra.
· Gjere mottakskontroll av kundesentralar som kom på lager
· Vere med i forhandlingsmøte med nye partnerar for Eviny.
Etter kvart som administrative ting kom på plass har eg begynt å gjere med kjent med programmet arcGIS Pro, som er det vi bruker for å kartlegge nettet, samt redigere i det. Planen no framover vil vere å gjere seg kjent med programmet, ha eit kurs saman med nokre av dei andre på teamet, og deretter begynne å legge inn data saman med dei. Målet er å få ting til å bli oversiktleg praktisk og informativt! Det var alt for denne gang, takk for merksemda.