Praksis hjå OneSubsea – del 2

Hei, her kjem ei oppdatering på korleis det står til i praksis hjå OneSubsea Processing AS, som heldt til på Sandsli. Eg heiter Mona og er i praksis saman med Ine og Emilie.

I starten av opphaldet vårt her i bedrifta fekk me i oppgåve å leite fram nyttige parametrar for nokre av subseaprodukta som OneSubsea både utviklar og leverer. Me fekk nokre rapportar og dokument frå tidlegare prosjekt med testresultata frå produkta. Eit av desse var ei levering dei hadde på 90-talet, då bedrifta endå heita Framo Engineering. Desse testrapportane vart nytta som utgangspunkt for å rekne oss fram til parametrane me ynskja. Nokre av variablane me ynskja å finne var blant anna verknadsgrad, volumstraum, effekt og hastigheit. Sidan verknadsgraden ikkje var oppgitt i dokumenta brukte me ein del tid på å rekne oss fram til denne ved å prøve ulike framgangsmåtar. Her var det nyttig å ha litt fysikk og termodynamikk i bakgrunnen. I tillegg fekk me god hjelp frå ein av dei tilsette på prosessavdelinga.

Parallelt med prosjektet ovanfor, har me òg jobba litt med ei anna oppgåve. Målet med denne oppgåva er å lage ei oversikt over energimarknaden i verda. Noko av det me ser på er kva for land som brukar mest energi og elektrisitet, kva energimiksen i landet er, kva som er den største energikjelda der, og prisane for straum og CO2-avgift. Både i denne og den førre oppgåva har me brukt mykje tid på å lese gjennom rapportar og dokument på internett og leita oss fram til den ynskja informasjonen. Me har innsett at dette arbeidet er ei god førebuing til masterskrivinga som ventar.

Innimellom arbeidet med dei nemnde oppgåvene har me blitt introdusert til fleire av avdelingsleiarane i bedrifta. Dei har presentert sin avdeling for oss, og gitt oss ein gjennomgang av arbeidsoppgåvene innan si avdeling. Slik har me fått blitt betre kjent med bedrifta og dei mange avdelingane og arbeidsoppgåvene som vert gjennomført her. Sidan OneSubsea både utviklar, produserer, testar og leverer utstyret er det mange ledd og oppgåver som skal fyllast. Dei leverer store installasjonar, med både pumper, kompressorar, umbilikumar og anna nødvendig utstyr. Det er spanande å få eit innblikk i kvar av dei ulike stadia i prosessutviklinga.

No går praksisen her i OnseSubsea mot ein slutt. Eg er utruleg heldig som har fått lov å bli kjent med bedrifta og dei tilsette her. Me har blitt teke godt i mot og eg syns tida her har vore utruleg givande og lærerik. I arbeidet med oppgåvene har me stort sett arbeidd ganske sjølvstendig på eit eige kontor. Likevel har det vore låg terskel for å ta kontakt om me treng noko hjelp. Det verkar til å vere eit miljø for å hjelpe og lære av kvarandre. I ei slik stor bedrift er det mange tilsette, med variert bakgrunn og kompetanse, dermed er det alltid noko nytt ein kan lære. Det har òg vore kjekt å få eit innblikk i korleis ein ingeniør sin arbeidskvardag kan sjå ut. Det har gitt meirsmak 😊