BKK Blogg 2 Tobias Sydberger

«Hei! No er det tid for blogginnlegg nummer 2 frå meg – Tobias. Sida sist så har eg vert mest i BKK innovasjon og utvikling (IU), men og litt i BKK Nett. IU og BKK Nett er veldig ulike arbeidsplassar. I nett driver eg meir med ingeniørarbeid, menst i IU gjør eg marknadsanalyser og liknande.

Den siste månaden har eg for det meste jobba med to prosjekt i innovasjon og utvikling, i lag med Tiril og Christian. Det eine prosjektet har gått ut på at vi har sett på muligheitene for å investere i hurtiglading i Danmark, der vi har gjennomført selskapssanalyser av eksisterande aktørar som tilbyr elbiladingi Danmark. Arbeidet har gått ut på å egentlig finne så mykje info som vi kan om dei ulike selskapa – alt fra deira visjon og framtidsplanar, kem som er ledelsen i selskapa, lokasjonane til elbiladerane osv. Her har det gått med uttalige timar på Google og LinkedIn. Til slutt lagde vi ein presentasjon som vi framførte for BKK, der vi la fram våre anbefalingar ut i frå informasjonen vi hadde funne.

Den siste tida har vi gått over til eit nytt prosjekt som handlar om komplett ladeløysing for marinaer/havner. Så denne veka har vi holdt på med syretest av ideen, og dette skal vi holde på med ei veke til. Syretest er en prosess på 30 timar (ikkje samanhengane timar) der vi sjølv skal leite etter negative poeng ved ideen vår (altså komplett ladeløysing for marinaer) som evt. kan avkrefte at vi bør satse på ideen. Derfor sitter vi no og ringer potensielle kundar og andre nyttige aktørar, for å søke etter interesse for ideen vår. Komplett ladeløysing til marinaer/havner handler om at vi ser på muligheitene for å kunne tilby elbåtlading til større havneannlegg. Då ser vi på ulike problemstillingar rundt prosjektet samt. at vi kjører marknadsundersøkingar, i form av dybdeintervju via telefon, slik at vi kan tilpasse tenesta best mulig til kundane i forhold til korleis dei ønsker at det skal fungere. Eksempel på ting vi ønsker å få svar på er om det er ønskelig med normalladerareller hurtigladerar, evt. begge deler.

Å ha praksisplass i BKK er heilt supert i mine auger. Det er flinke og hyggelige ansatte som viser verdsetting av arbeidet vårt. Vi får spennande arbeidsoppgåver, som også til tider kan være utfordrande men som gir oss muligheit til utvikling. Til dømes var eg litt nervøs for å kjøre marknadsundersøkingar og ringe til potensielle kundar, men det viste seg at dei fleste vi ringte til berre vart glad for at vi ønskte deira synspunkt. Dei fleste vi snakka med hadde veldig mykje nyttig informasjon å gi oss, og i etterkant kjente eg at dette var lærerikt, interessant og faktisk ganske kjekt! Det er så utrulig mykje forskjellig ein kan arbeide med i BKK, og berre det i seg sjølv er ein god grunn til å søke praksisplass i BKK»

 

Mvh Tobias F. Sydberger