Hydro Husnes – Alette Mehl

Hei! Sidan sist har det skjedd mykje spennande, og eg fått ei ny oppgåve. Eg har starta arbeidet med å måle klemmespenning under arbeidsoperasjonen «kryssing». Det går ut på å måle spenningsvariasjon mellom anode og anodetravers før og etter kryssing for å sjekke endring i spenningsfall. Før eg forklarar kva kryssing er, skal eg forklare litt om straumkrinsen i hallen.
Straumen i hallen går langs straumskinner og vidare gjennom det vi kallar traversen på omnen. Traversen er ein bjelke som anodane heng i, og er laga med gode straumleiande eigenskapar. Det er 24 anodar på ein omn, som er festa med låsar til traversen. Spenninga på omnen blir fordelt på alle desse 24 anodane og går så vidare ned i badet og metallet. Dette skal eg illustrere betre under presentasjonen. Dersom ein eller fleire anodar brukar fleire mV enn det som er ideelt, er det lite energieffektivt, og utgjer eit stor straumforbruk over tid. Dette er kostnadar som kunne vert unngått for bedrifta.
Formålet med arbeidet eg har gjort sidan sist, er altså å finne eit tal på utbyttet ved å betre klemmespenninga. Dette gjer at ein får eit høgare straumutbytte.

Eg har teke målingar før, under og etter kryssing. Kryssing er ein arbeidsoperasjon der ein løfter anodetraversen på omnen. Dette er ein rutinejobb som må utførast for at drifta skal gå. Under denne arbeidsoperasjonen festar ein anodane til ei krane, før ein opnar låsane til anodane. Etter dette kan ein løfte traversen, før ein stramar anodelåsane igjen. Dette er grunnen til at eg har teke målingar rundt denne arbeidsoperasjonen, fordi klemmespenninga endrar seg når ein opnar og lukkar låsane.
Målingane vert tekne før dei startar kryssing, etter at dei har opna låsane, og etter at dei har stramt låsane igjen.
Det er ein liten skilnad på A- og B-hallen. Medan A-hallen har vore i drift sidan 1965, vart B-hallen stengt ned i 2009, før den blei starta igjen i 2020. Den hadde då fått ei lita oppgradering; Ein brukar ein anna type lås på anodane og ei anna krane til å feste anodane med under kryssing. Denne krana er utstyrt med bankefunksjon. Det kan beskrivast som ei klemme som dunkar i anodane etter at ein har stramma låsen, og ein merker at klemmespenninga er lågare etter at ein har banka. Dette er positivt då ei lågare klemmespenning resulterer i eit lågare straumforbruk.
Det er berre snakk om nokon få mV per anode, men om ein gangar det med 24 anodar pr. Omn, og så igjen med 400 (400 omnar ved full drift) kan vi sjå at det utgjer ganske mykje straum over tid, og sidan straumen i hallane er konstant, aukar energiforbruket betrakteleg. Det er altså eit stort potensiale til å spare mykje straum og utgifter.
Gleder meg til å fortelje om resultata i presentasjonen!