Hei! Eg heiter Eilif og går andre året på Energi. Eg har fått tildelt praksisplass hjå Småkraft AS hausten 2024 i samband med faget Energi102.
Småkraft er Europas største småkraftprodusent som eiger og drifter meir enn 200 kraftverk fordelt i heile Norge og nokon i Sverige i samarbeid med over 900 grunneigarar. Dei produserer over 2000 GWh fornybar straum i året, noko som dekker forbruket til over 125 000 husstandar!
Måten Småkraft opererer er at dei leiger fallrett hjå grunneigarar i ein periode på 40-60 år. Straumen vert seld, grunneigarane får inntekt på fallrett og kraftverket vert betalt ned. Alle kraftverk må ha tilsynsvakt for å sikra at drifta på kraftverket går og at det vert vedlikehaldet. Som regel er dette grunneigaren eller andre lokale som gjer. Dette består av enklare oppgåver, om noko større problem oppstår tek Småkraft seg av dette. Småkraft bidrar mykje til lokalsamfunna, både gjennom inntekt for grunneigarar og bruk av lokale entreprenørar ved bygging, men også med eigedomskatt til kommunane. Det er altså mange som har glede av arbeidet til Småkraft.
Eg har arbeidsplass på hovudkontoret i Bergen. Her vert alt av drift overvaka med kamera og sensorar. So langt har eg fått prøvd meg på mange ulike oppgåver. Blant anna fekk eg prøva meg på produksjonsberekningar. Då reknar eg ut kor mykje straum som kan produserast ved bygging av kraftverk i ei elv. Dette vert brukt til å finna potensielle stadar for nye kraftverk. Eg har også rekna på økt effekt ved regulering av vatn i område over kraftverket. Då kan ein finna ut om det lønnar seg å bygga demning for å kontrollera vassmengd og produsera meir straum, då dei fleste av kraftverka til småkraft ikkje er regulerte. Eg har fått brukt for kunnskap både frå Energi101 om vasskraft og programmering i python frå INF100.
Denne veka har eg fått vera med ut på eit kraftverk. Me var på Smådalselva kraftverk i Samnanger. Dette er endå under bygging, men røyrgata var på plass og turbinen var montert. Det var veldig interessant å få sjå korleis ting fungerer i verkelegheita og ikkje berre frå dataen.
So langt er eg svært nøgd med praksisplassen min. Det er veldig spennande å få sjå fleire sider av kraftbransjen. Her får ein sjå litt av heile prosessen, alt frå søknadar og konsesjonar til bygging og drift. Det er motiverande å sjå at det ein lærer også kan brukast i praksis. Eg ser fram til å fortsetta her ei stund til og lære endå meir.