VilVite AS – Tuva Furu

Hei igjen!

Då var det tid for å fortelle dykk om den siste perioden min her i praksis på vilvite senteret. Sidan sist har det skjedd ein del. Som eg fortalte dykk om i mitt forrige blogginnlegg har oppgåva til meg og Sonja i løpet av hausten, vore å utvikle eit program som viser eit CO2 – regnskap for transport. Hovedmålet var å utvikle eit program som skulle vise utslepp knytta til brukarens eige val, der brukaren kunne velje mellom enten elbil, hydrogenbil eller bensinbil, samt bestemme kjørelengde. Programmet skulle vise eit regnskap basert på dette, der både produksjonsfasen og driftsfasen var inkludert. Dette programmet har me no klart å ferdigstille.

Ein av dei største utfordringane ved dette prosjektet var å sikre at programmet både var brukarvennleg samt nøyaktig nok. Vilvite sitt publikum er hovedsakleg barn og ungdom i skulealder, derfor måtte me lage eit program som var lett å forstå samstundes som det var informativt nok. Det skal vere både spennande og lærerikt. Det var derfor litt utfordrande å vite kva me skulle inkludere og ekskludere for å gjere det best mogleg.

Ein anna utfordring var å vite kva data me skulle bruke. Det var veldig mykje informasjon å sette seg inn i, og ei veldig kompleks oppgåve. Dataen for elbilen og hydrogenbilen kunne variere mykje, basert på straumkjelda og produksjonsprosessen for hydrogen. Å finne ut kva me skulle velje var derfor vanskelig. Dette førte til ein grundig gjennomgang av kjelder og studier, der me lærte mykje om heile livsløpet til dei ulike type bilane.

I løpet av tida mi her har eg fått fleire gode erfaringar også. Det har gitt meg verdifull erfaring, både fagleg og personleg. Ikkje berre har eg fått god forståelse for korleis ulike transportval påverkar klimaet, men eg har også fått ein god innsikt i korleis ein kan bruke teknologi og informasjon for å bevisstgjere andre. Eg fekk også gode erfaringar med å jobbe tett med ein anna medstudent. Det krevde god koordinering og god kommunikasjon.

Det som var mest givande med dette prosjektet var nok at arbeidet me har gjort skal mest truleg bli brukt i ein skjerminstallasjon her på vilvite senteret. Slik har jobben me har gjort i løpet av hausten føltes veldig meiningsfull ut.

For å oppsummere har perioden her på vilvite senteret vore utruleg givande og lærerik. Eg har fått brukt teori i praksis, jobba med noko som føltes meiningsfullt, og utvikla ferdigheiter eg veit eg kjem til å ha nytte av i framtidige prosjekter og her vidare på studie. Det har vore eit spennande halvår, og eg takkar for følge!

Tuva