Hei igjen alle saman! Torstein her, og i dag skal eg snakke litt meir om mine erfaringar etter å ha jobba her hos Eviny Termo. No er praksisperioden så å seie over, og eg kjem til å forlate Eviny Termo med mange gode erfaringar med fine og flinke folk, nye intrykk og ikkje minst ny kunnskap.
Dykk lurer sikkert på kva eg har halde på med sidan siste innlegg, og det er eigentleg ein del. Mykje av tida i byrjinga gjekk til å gjere seg kjent med selskapet, folka, bedrift-strukturen etc… men den siste perioden har mykje av tida gått til meir «hands on» arbeid.
Eg og nokre kollegaer var blant anna på eit 2 dagars ArcGIS Pro kurs, for grunnleggande innføring i programmet, arrangert av Geodata. Dette kombinert med arbeidet eg har gjort hos Eviny Termo gjer at eg no har ein ganske god forståeleg av programmet, noko som er veldig etablert og brukt i mange ulike sektorar, kanskje særleg geofag og metrologi.
Ettersom ikkje så mange på teamet har så veldig mykje erfaring med ArcGIS Pro, samt at dei gjerne har veldig mange oppgåver dei må forhalde seg til, gjorde det at eg kunne fokusere på nokre av oppgåvene som måtte gjerast i ArcGIS Pro, men som ikkje hadde blitt prioritert. Ein av desse oppgåvene kom i form av eit ønske frå ein kollega om å utvikle ein funksjonalitet i programmet GIS Innsyn, som er ein meir fokusert versjon av ArcGIS Pro, tilgjengeleg for heile konsernet.
Funksjonaliteten gjekk ut på at du kunne velje eit utsnitt av fjernvarmenettet, og få ein visuell høgdeprofil på strekninga, slik at ein kunne identifisere toppunkt og botnpunkt på strekninga. Dette er veldig viktig innformasjon å ha, gitt at dersom ein skal drive vedlikehald av røyra, er ein nøydt til å vere sikker på at det ikkje er noko vatn igjen som ligger i nettet og kan komme ut. Dette vatnet kan vere livsfarleg, gitt at det er på rundt 120 grader og 20-30 bar. Å danne ein høgdeprofil er noko som fram til no har vore manuelt og tidskrevande arbeid.
Måten eg laga funksjonaliteten på, var å bruke ein integrert funksjon i ArcGIS Pro som heiter Toolbox, og her kan eg skrive Python koder som fungerer inne i ArcGIS Pro. Gitt at eg fekk denne oppgåva relativt seint inn i praksisperioden, fekk eg berre danna 2 prototypar, men desse gir eit plott av høgdeendringa på eit utvalt snitt av fjernvarmenettet. Verktøyet vil Eviny få med seg vidare, så kan dei modifisere på koden ut ifrå kva dei treng og ønsker.
Anna enn denne funksjonaliteten har eg brukt det meste av tida mi på å legge inn manglande data i ArcGIS, samt oppdatere mykje feildata som ligger der inne. Dette kan vere alt frå unøyaktig plassering av objekt som kundesentralar, samt feil formatering på objekta i nettet.
Alt i alt har Eviny Termo vore ein sjukt spennande plass å ha praksis, så eg anbefaler på det sterkaste å søke her for framtidige medstudentar.