Hydro Husnes – Alette Mehl

Hei blogg!
Eg har fått praksisplass hos Hydro Husnes, og avdelinga eg arbeider i heiter elektrolysen. Rundt drifta og arbeidet bruker ein mange ord og uttrykk som ikkje er vanlege i det «sivile». Eg prøver difor å halde blogginnlegga på eit så generelt nivå som mogleg, men gje ein lyd om det er noko som er uklart eller noko de vil ha nærmare forklaring på.
Hydro er ei global bedrift, med gode røter i Norge. Dei har ulike verk rundt om i landet, og eit av dei ligg på Husnes i Kvinnherad. Her har eg hatt praksis. Husnes er ein ideell plass for eit hydro-verk då det er lett framkomst for lasteskip, stor tilgang på arbeidskraft og lokal energiproduksjon.
På verket er det to store elektrolyse-hallar som kvar har 200 omnar som vert drifta 24-timar i døgnet. Ved full drift produserer desse omnane rundt 200 000 tonn aluminium i året, og straumforbruket er på same nivå som Bergen By. Ein opererer altså på stor skala og med store krefter.
Eg har hatt sommarjobb i elektrolysen her dei siste 5 summarane, i tillegg til at eg jobba her eit år før studiestart. Stillinga mi har då vore som operatør, og eg har difor god kjennskap til bedrifta og arbeidet som vert gjort her, i tillegg til at eg har gyldige sertifikat for å kunne ferdast på området frå før. Det er kjekt å sjå ei anna side av det arbeidet som vert gjort i elektrolysen, og å lære meir om arbeidet som ligg til grunn for tiltak og arbeid vi gjer på omnane som operatørar.
Under praksisopphaldet får eg vere med ingeniørane som arbeider med dei ulike prosessane i drifta. Her har eg fokus på elektrolysedrifta i seg sjølv, statusen til omnane, og elles fylgje opp dei ulike prosessindikatorane. Desse prosessindikatorane er aluminakontroll, anodedrift, varmebalanse, metalltapping og gassrens, og gjer ein god indikasjon på korleis det står til med dei mest kritiske prosessane i bedrifta. Dei krev difor tett oppfølging.
Vi går også gjennom ulike aspekt i bedrifta som miljø, straumutbytte og badkontroll, før vi har eit møte med operatørane der vi går gjennom ulike punkt innanfor desse kategoriane og finn eventuelle avvik og forslag til forbetring. Då er det typisk snakk om temperaturen eller kjemien i omnen, eller andre meir tekniske detaljar.
Ein elektrolyse-omn er i grove trekk sett opp av ei omnspanne med flytande metall, flytande bad (kjemisk binding), straumleiande anodar og ein katode. Det er mykje som skal vere på plass for at ein omn produserer optimalt. Det vil seie at omnen produserer så mykje aluminium som den i utgangspunktet skal gjere. Faktorar som temperatur, konsentrasjon i badet og kvalitet på anodar spelar sterke roller. Difor vert det kvar dag tekne mange ulike målingar, før det vert utført tiltak ut i frå desse. Mykje av jobben eg har gjort til no er å analysere desse målingane, fastsette tiltak og undersøke utførselen av desse.
Dette er det eg har gjort til no, gleder meg til resten!