VilVite AS – Tuva Furu

Hei bloggen!

Eg er Tuva, og denne hausten er eg utplassert på Vilvite senteret her i Bergen på Møhlenpris. Her er eg i lag med Sonja, Stine Lise, Vetle og Jarl. Vilvite er eit vitensenter som har som mål å formidle naturvitenskap og teknologi, der tema som vær, klima og energi er dei mest sentrale temaene. Inne på senteret har dei ein stor utstilling som hovudsakleg er retta mot barn og ungdom, og i forbindelse med dette arrangerer dei fleire skulebesøk i løpet av året, der målet deira er å lære bort viktig kunnskap på ein spennande og leikande måte, samt skape glede for realfag. Vitensenteret samarbeidar med fleire store aktørar her i Bergen, der hovedsamarbeidspartneren deira blant anna er equinor. Det har gjort utstillinga deira bedre og bedre i løpet av åra.

Denne utstillingen som dei har heiter energibyen. Her kan dei besøkande utforske bærekraftig energi gjennom 25 nye interaktive aktivitetar og opplevelsar. Denne hausten har oppgåva vår vore å bidra med utviklingen av denne byen. Me fekk i starten av året velge ei oppgåve som me skulle jobbe med i løpet av vår utplassering her. I denne energibyen har dei ein bilsimulator kor brukarane vel mellom bensinbil, el-bil og hydrogenbil. Mi og Sonja si oppgåve har derfor vore å lage ein skjerminstallasjon som viser CO2 regnskap basert på brukerens val. Me har samarbeida med dette i løpet av vår tid her, og det har vore lærerikt.

I løpet av den korte tida me har vore her, har me komme eit stykke på veg. Arbeidet vårt starta med å gjere masse research på nett, der me samla mykje informasjon. CO2 regnskap er komplekse tal, då me må sjå på både produksjon, drift og kjøring. Det er derfor mykje å ta hensyn til. Det var spesielt interresant å sjå på hydrogenbilen, då denne ikkje er like utbredt som dei to andre endå. No når me har samla dataen me treng, skal me begynne å lage eit program som skal bli brukt i skjerminstallasjonen på vitensenteret. Det er no det kjekke arbeidet startar.

Tida til no på vilvite har vore spennande og lærerik. Me har fått jobbe veldig sjølvstendig, og satt oss inn i eit veldig interresant, men vanskelig tema. Det er og veldig inspirerande at jobben me gjer, skal bli brukt i utstillinga deira. Vilvite har tatt oss godt i mot, og det verkar som eit veldig positivt og inspirerande arbeidsmiljø. Eg ser fram til den vidare perioden vår her. På gjensyn