Skyss – Matias Fonn

Hei, Matias her! Då var det tid for blogg nummer to, og når eg seier det så forstår eg kor fort tida eigentleg har gått gjennom denne praksisperioden. Gjennom dette haustsemesteret har det verkeleg vore godt å komme på jobb og arbeide med noko anna enn det skulearbeidet vi held på med til vanleg. Det hjelper også godt på at alle kollegaane som eg har blitt kjent med utover hausten er ein heilt fantastisk gjeng, som hjelper meg med både oppgåver og gjer dagen mykje kjekkare enn den hadde vore utan. Eg har fått eit veldig godt inntrykk av eit opent kontorlandskap, når ein er omringa av berre herlege folk.
Som eg nemnde i førre blogginnlegg, så har eg haldt på med eit prosjekt der Skyss ser på moglegheitene ein har for å elektrifisere resten av bussparken i Vestland fylke. Til no har dette vore berre eit Bergensfenomen, men dei har allereie laga rapportar for elektrifisering av bussane i Nordfjord. Enkelte av dei eg jobbar med held på med Sunnfjord, og eg har åleine fått oppgåva av å lage ein rapport for rutepakken Hardanger-Voss. Eg er for det meste ferdig med prosjektet, som består av å samle inn data, gjere dette om til noko visuelt og enkelt å forstå. Eg jobbar mykje med estimering av variablar når det gjeld forbruk og effekt, så dette prosjektet er midt i blinken for den studieretninga eg går.
No i det siste har eg arbeidd med ein rapport som eigentleg omhandlar alt eg har jobba med, og for ikkje så lenge sida hadde eg ei framføring for faggruppa mi, sjefen min og kontaktpersonen eg har hatt i dette prosjektet. Det var spennande å kunne endeleg vise eit slags ferdig produkt, og dei var veldig fornøgde med arbeidet eg hadde gjort. Det beste med denne oppgåva er mest truleg at dette er noko Skyss får bruk for seinare, og ikkje berre noko dei gjev meg for å «dille med». Alt arbeidet eg gjer no vil bli tatt med vidare når dei gjer ein ordentleg analyse på elektrifiseringa av bussparken i Hardanger-Voss.
Eg har fått moglegheit til å delta i fleire ulike konferansar på lik linje som dei andre i som arbeider her, som har handla om alt frå hydrogen som drivstoff til elektrifisering av ferjer. Eg har fått innsikt i fleire ulike delar av transportsektoren, og korleis alle kollegaane mine jobbar mot eit felles mål om å få ned utsleppa i kollektivtransporten
Denne perioden har verkeleg opna auga mine for kor mykje variert Skyss arbeider med, og eg er glad for at dei har bydd på seg sjølv for å gje ein student innsikt i kor mykje eit kollektivselskap faktisk driv på med frå dag til dag, og i fleire års perspektiv.