NORCE – Rakel Bergset

Hei Energibloggen!
Eg heiter Rakel, og gjennom ENERGI240-emnet har eg, Evita og Bendik blitt utplassert i NORCE (Norwegian Research Centre) dette semesteret. NORCE er eit av dei største forskingsinstitutt som i samarbeid med både offentleg og privat sektor (blant anna Universitetet i Bergen), driv med forsking innan energi, helse, klima, miljø og samfunn. NORCE sitt hovudkontor er i Bergen ved Nygårdsgaten, men dei har også fleire andre kontor rundt om i landet.
Vi har blitt utplassert i energi-delen av NORCE, der vi har lært om dei ulike prosjekta dei driv med akkurat no. Vi har også fått eit innblikk i korleis pangstart av nye forskingssenter går føre seg, ved å ta del i kick-off til NORCE sitt nye forskingssenter, CSSR. Der var blant anna olje- og energiminister Terje Aasland med på å offisielt åpne senteret, og ikkje minst rektoren til UIB.
Vi har fått omvising i dei ulike laboratorium som finst i bygget, der dei blant anna utfører forsøk på steinprøver frå steinar fleire hundre meter under jorda. Desse steinprøvene vert utsett for ulike trykk og temperaturar, i tillegg til at dei blir fylt opp med karbon og hydrogen. På denne måten kan dei i mindre skala studere korleis dei ulike steinartane hadde reagert under karbon- og hydrogenlagring, og vite meir om kva typar utfordringar dei kan forvente.
Vidare fekk vi velgje kva for eit senter vi ønsker å følgje, der vala sto særleg mellom CSSR-prosjektet og HyValue. HyValue eit nytt forskingsprosjekt som forskar på effektivisering av hydrogenproduksjon, lagring og transport. CSSR står for Center for Sustainable Subsurface Resources, og dei forskar på jordas undergrunn, særleg i forbinding med hydrogen- og karbonlagring. CSSR jobbar mot nullutsleppsmålet ved å bidra med informasjon om korleis energiforsyninga fører til dynamikk i undergrunnen, og korleis denne dynamikken kan nyttast til å forbetre olje- og gassutvinninga. Eg og Evita valte å følgje CSSR-prosjektet vidare.
Eg har vore spent på kva praksisen kom til å innebere, sidan den kom så tidleg i studieløpet. Eg var bekymra for at eg ikkje hadde nok forkunnskap til å bidra i NORCE, men heldigvis fantes det fleire administrative oppgåver som vi kan ta del i. Til no har vi for det meste jobba med å forbetre den nye nettsida til CSSR og gjere den meir brukarvennleg, med fokus på intranettsida.
Vi har fått et innblikk i korleis kvardagen til ein forskar er, og har også fått vere med på seminar der vart det presentert ulike funn i eit forskingsprosjekt. Vidare håper eg at vi får moglegheita til å jobbe tettare med sjølve CSSR-prosjektet, slik at vi kan bruke litt av forkunnskapen som vi har fått hittil i studieløpet.
Alt i alt har eg fått eit veldig godt inntrykk av NORCE som arbeidsplass, og det verkar som ein veldig spennande plass å jobbe der ein stadig kan utfordre seg sjølv og der ein alltid lærer noko nytt. Eg er glad vi har fått vere i praksis her, då det er ein utruleg relevant arbeidsplass for Energi-studiet.