Elkem – Vebjørn Svartveit

Hei bloggen!

Eg er i praksis hjå Elkem Bjølvefossen, eit smelteverk i Ålvik i Hardanger. Smelteverket produserer ferrosilisiumbaserte legeringar, der hovudproduktet er MgFeSi. Vanleg støypejern er skjørt og har lett for å få trøyttleiksbrot. Støypejern tilsett MgFeSi er er mykje meir motstandsdyktig mot sprekkdanning og brot. Til dømes måtte kumlokk vore tre gongar tjukkare om støypejernet ikkje var tilsett MgFeSi. Bjølvefossen har kundar overalt, men av dei store kan for eksempel BMW nemnast, som støyper motorblokker og stempelringar med MgFeSi frå Bjølvefossen. Kundane er ganske strenge når det kjem til kjemisk oppbygning og masseprosent av dei ulike stoffa. Til dømes gjorde ein feil hjå hamna i Rotterdam til at ein bilprodusent fekk feil produkt, og 40 000 stempelringar vart feilprodusert og kassert.

Produksjonen går gjennom to smelteomnar, ein på 25MW og ein på 22MW. Desse produserer FeSi av glødeskall, eit avfallsstoff frå jernstøyping, og kvarts, som inneheld ein del silisium. Desse vert smelta til omtrent 1700 grader, og alle dei andre stoffa i kvartsen går opp i røyk. Legeringa vert tappa manuelt og i friluft. Vidare vert potter med om lag 15 tonn flytane metall køyrd inn i ein annan hall, der ein diger klump med magnesium vert tilsett direkte i potta, som er ein interessant prosess å sjå. Deretter vert metallet støypt ut, før det vert knust til rett storleik og pakka i eit anna bygg.

Det finst allereie fleire gode energivinningsløysingar på Bjølvefossen. Dei produserer straum på vassdamp laga av røyken frå smelteomnane, noko som gjer produksjonen ganske lønnsam. På denne måten får dei gjennvunne om lag ein fjerdedel av straumen som går inn på omnane, som vert selt til marknadspris. Når straumen inn vert kjøpt på langsiktige avtalar, vert dette svært lønnsamt. Det er og eit system som brukar kjølevatnet til omnane til oppvarming av gater inne på smelteverket og golvvarme i enkelte bygg.

For å drive forskjellige prosessar inne på smelteverket trengs det mykje trykkluft. Det står omtrent 700kW med installert effekt fordelt på ti kompressorar. Desse er i snitt 4% effektive, som betyr at 675kW med energi vert sleppt ut i atmosfæren, mest som varm luft. Oppgåva mi er å finne ut om det finst nokon lønnsame metodar for å nytte denne energien. Problemet er at dette stort sett er energi av ganske låg verdi, då det meste er varmluft på rundt 40 grader. Og jobbar for tida med dei to enklaste hypotesane eg fann. Den eine er å køyre eksoslufta frå ein kompressor rett inn på ein verkstad som står i nærleiken, for å erstatte to store industrielle varmepumper. Den andre er langt meir omfattande, og går på å bruke vatnet som har vore brukt til gatevarme, som for tida berre vert skylt på sjøen, til å kjøle 5 vasskjølte kompressorar, som og for tida berre skyllar kjølevatnet sitt på sjøen. I følgje mine grove og midlertidige berekningar kan ein då produsere 5-6 liter i sekundet med vatn på 40 grader, som eit fiskeanlegg som litt i nærleiken kjøper.