Institutt for fysikk og teknologi, del 2

Hei! Då er eg, Mali, tilbake for å fortelje om kva som har skjedd i praksisen sidan sist. I førre blogginnlegg fortalde eg litt om museumsopninga og avslutting av det internasjonale benchmark-studiet, som FluidFlower-teamet på den tida gjorde seg klar til. Desse hendingane har no skjedd, så eg tenkte å starte med å fortelje om korleis det gjekk.

I dagane før museumsopninga var det mykje å gjere. Her bidrog eg mellom anna med å teipe opp maskeringsteip på glasveggen av riggen, som viste kvar dei ulike sandlaga skulle vere. Geometrien i riggen er basert på seismiske data som er teke utanfor Øygarden. Desse har blitt omdanna til ei geologisk tolking som til slutt har blitt gjort om til ei geometrisk tolking. Deretter blei riggen fylt lag for lag med sand. Dette må gjerast svært nøyaktig, og det tek lang tid. Teamet hadde laga spesielle verktøy for å få til å lage dei ulike forkastingane i geometrien. Teiping og bygging av geometri tok til saman nesten ei heil veke. Deretter blei riggen fylt med vatn tilsett pH-indikator som slår over frå blå til gul når CO2 løyser seg opp i vatnet. På museumsopninga blei det gjennomført tre CO2-injeksjonar, og eit bilete av dette er vist under i Figur 1.

Figur 1: Bilete teke av CO2-injeksjon i den store riggen. Den blå fargen viser vatn, gul viser oppløyst CO2.

No er benchmark-studiet avslutta, og i samband med dette kom rundt 20 personar frå samarbeidspartnarane rundt om i verda til Bergen. Her var det både professorar og Phd-studentar. Ein ting eg beit meg merke i var at det var svært få kvinner der. Dette er ein statistikk eg håper vil endre seg i løpet av dei komande åra (hinhint dersom det er nokre kvinnelege studentar som les dette….:)). I samband med besøket i Bergen fekk eg vere med på å høyre på ein workshop der dei snakka om arbeidet vidare for å samle resultata sine i vitskaplege artiklar. Etterpå var det felles lunsj, der eg mellom anna snakka med nokre Phd-studentar frå London som tek graden sin i simuleringar. Det var interessant å snakke med folk frå andre deler av verda som har vore ein del av prosjektet ved å utføre simuleringar.

Eg held framleis på med å jobbe med data frå CO2-injeksjonar som har blitt utført i mediumriggen. Det har for det meste gått i å plotte og tilpasse grafar. No held eg på med å bruke grafane til å finne totalt injisert CO2 i dei ulike eksperimenta. I tillegg har eg fått vere med på å gjennomføre eit eksperiment som tilsvarar dei eg har sett på data frå. Det var interessant å sjå korleis dette blei utført i praksis. Eg synast at det var ein fordel å ha jobba med både data frå eksperimentet og loggen frå eksperimentet  frå før, og eg trur at dette gjorde at eg forstod meir av  kva vi gjorde undervegs i eksperimentet.

No nærmar det seg slutten av praksisopphaldet. Eg er svært nøgd med kva eg har fått gjere og vere med på i løpet av perioden, og samarbeidet med dei tilsette har fungert bra. Eg har lært mykje, både om CO2-lagring, databehandling og korleis forsking går føre seg. Eg er heilt sikker på at eg får bruk for denne erfaringa seinare når eg skal skrive master. Tida mi i praksis har auka interessa mi for CO2-lagring, og eg er spent på å følgje med på kva som skjer vidare innanfor dette!