Pro Well Plan del 1

Pro Well Plan – del 1

Hei mitt namn er Erling og dei siste vekene har eg vore i praksis hos «Pro Well Plan» (PWP). Dette er eit datadrevert brønnboring firma og konsulent firma. Dei er eit reltivt nytt firma starta i 2015, men har allereie ein stor utanlandskontrakt. Det er 13 tilsette i firmaet, fire på kontoret i Bergen, ein i Oslo, ein i Stavanger og resten plassert utover i utlandet. Det er for det meste utviklarar av websida og Software. Det er lite kontortid i samband med pandemien, det verkar som om dei tilsette er vane med å ha heimekontor, og møter ca ein gong i veka, ofte ikkje same dag som oss praksis studentar.

Sjefen og grunnleggaren av PWP er ein tidlegare Equinor tilsett, som meinte at petroleums industrien er alt for ineffektiv. Han begynte å programmera medan han jobba i Equinor før han starta opp for seg sjølv, og tilsette fleir. Nettsida PWP har ei nettside der dei som betalar for den har tilgang på alle historiske[1] borredata som ligg offentlege på oljedirektoratet. Samt dei tar (evnt) firma sine eigne samla data, køyrar dei igjennom ei algoritme som kvalitetsjekkar, og kvalitetsforsikrar lokale data firma har. Nettsida har og ein funksjon for å designa brønnar, noko som har vore veldig tidkrevjande for ingeniørar før.

Dette er eit firma som utelukkande har drevet i olje og gass bransjen. Det er slik dei har laga og designa programvaren. Vår oppgåve som praksis studentar er å ta PWP i ein grønare retning, slik at dei kan tilby den same tjenesten for grønare bedriftar som og driv med brønnar, slik som geotermiske brønnar og brønnar for CO2 lagring. Vår oppgåve er å begynne skifte før dei eigentleg er klare for det, men legga eit grunnlag for det framtidige skifte. Eg håpar det blir meir

 

 

Eit lite bilde av ein planlagt brønn laga med brønndesign verktøyet til PWP. Dette er noko som ingeniørar før har brukt excel og fagelagt ruter i for å ha ei skisse av brønnen. Det tek no nokre sekund å endra i staden for eit par veker.

[1] Historiske data (her): Data som  er samla frå tidlegare bora brønnar. Døme: Trykk, geologi, permabilitet osb.